Student- og anna einsemd

Einsemda i ein lesesal

Dette er sikkert ikkje noko nytt for norske UH-bibliotek, men vi vil berre nemne at Khrono.no no tar for seg ein rapport frå ei ekspertgruppe som blant anna meiner at bibliotek kan vere viktig for studentar under koronaen. Artikkelforfattaren nemner verken namnet på rapporten eller lenker til han, men vi fann han: «Tiltak for oppfølging av studenter ved fagskoler, høyskoler og universiteter under pandemien».

Punkt 5.2. heiter «Studentene trenger faglige og sosiale møteplasser hvor de kan overholde smittevernregler», og her kan vi lese: «Institusjonene bør så langt det er mulig også stille lokaler til disposisjon slik at studentene kan bruke lesesaler, bibliotek, kantiner og andre rom til faglige og sosiale aktiviteter innenfor de gjeldende smittevernrammene» (vår utheving). 

Men dét er også alt.

Vidare har vi no for første gong lånt ei e-bok på Allbok: «Ensomhetens århundre« av britiske Noreena Hertz. Boka er så fersk at ho har med koronaen, men så har ho også preg av hastverk. Vi kjem ikkje til å lese heile. Det er ein flaum av …

… døme og idear og gode ønske for framtida, pluss eit enormt noteapparat og litteraturliste. Men Agenda Magasin har lagt ut nokre avsnitt der koplingar mellom einsemd og nyliberalisme kjem godt fram. Og dét er viktig.

Sjølvsagt er dei negative sidene ved den nye sosiale situasjonen kjende for alle typar bibliotek. Noreena Hertz nemner bibliotek i alle fall éin stad. Ho skriv at det må «bygges nye former for offentlige rom: steder som «superkvartalene» i Barcelona, som har parker, lekeplasser og en hyggelig atmosfære -og er stengt for biltrafikk eller boligprosjektene i Chicago som bygges rundt biblioteker der folk med ulik inntekt og i alle aldre kan møtes og få kontakt».

Men akkurat dette har ho ingen note til, og ikkje fann vi noko på nettet om det heller. Kjenner du til eller finn du noko, velkomen i kommentarfeltet.

>> Nytt 25.11. kl 12.45: Følgjen av å ikkje lese ei bok frå første til siste side er at ein risikerer å blogge påstandar som den over. Vi har no funne meir i Hertz si bok om tiltaka i Chicago og kjem attende i eit eige blogginnlegg ganske snart.

PS: Allbok er ingen skikkeleg e-boklesar. Ikkje muleg å søkje i teksten, blant anna. Eller har nokon ei løysing på lur?

2 Responses to “Student- og anna einsemd”

  1. Eg har inga hjelp når det gjeld Allbok. Men dersom du har bibliotekkortet ditt registrert hjå eit bibliotek som brukar Bookbites, så har den appen søk i teksten.

Trackbacks

Leave a Reply