Berekrafta og biblioteket

Mange har sikkert alt sett det og lenka opp til det på eiga bibliotekheimeside, men ei påminning skadar ikkje: Vi snakkar om temasida og videoane som Haugesund bibliotek har jobba fram under namnet «Bærekraftsbiblioteket». Dette er berre det nyaste provet på at dei vil noko med nettsatsinga si.

Det er altså FN sitt program med 17 berekraftsmål det handlar om (også kalla SDG, Sustainable Development Goals), noko som bibliotek og bibliotekorganisasjonar over heile verda har følgt opp (sjå no ein fersk oversikt over dei norske tiltaka hos NBF).

Haugesund bibliotek sitt bidrag rettar seg primært mot lesesirklar for 6- til 12-åringar. Men er det sidan 2014 lovfesta «debattbiblioteket» si samfunnsoppgåve oppfylt med dette? Nei, også kritisk informasjon høyrer heime i eit bibliotektilbod, i alle fall når det gjeld ungdom og vaksne. Då blir slikt som FN ei utfordring, for på få andre område …

… rår det ein nasjonal konsensus så sterk som her. FN representerer noko nærmast udiskutabelt både i vide politiske krinsar og i hovudstraums media. Dette smittar også over på berekraftsmåla og SDG.

Til dømes: Det 16. delmålet handlar om å «Fremme fredelige og inkluderende samfunn med velfungerende rettssystemer og ansvarlige institusjoner på alle nivå». Men berre unntaksvis blir det peika på at dette punktet er svært lite konkret på krig og fred.

Her på bloggen på FN-dagen 24. oktober tillot Mikael Böök seg å spørje: «Men är en hållbar utveckling förenlig med det permanenta hotet från kärnvapensystemen på marken, i luften, i världshaven och i rymden?» Før han kravde at IFLA, NBF osv. måtte slutte opp om FN sin eigen avtale «Treaty On the Prohibition of Nuclear Weapons» (TPNW). No i januar blei avtalen gyldig etter at 50 land hadde signert han. Men utan bibliotektilslutning …

Og: To forskarar på CICERO, Senter for klimaforsking, er blant dei få som vel å ope kritisere SDG:

«Bærekraftsmålene er for mange: 17 hovedmål og 169 delmål. Videre er delmålene ofte uklare, de er i liten grad kvantifisert og det er ikke oppgitt et tidspunkt for når de skal nås. …. Dessuten er ikke målene prioritert. Det er for oss liten tvil om at delmål 1.1, å utrydde fattigdom, er viktigere enn delmål 8.9, å fremme et bærekraftig reiseliv med vekt på lokal kultur og tradisjoner. Til sist rammer kritikken begrepet selv. Ved at bærekraft i økende grad inkluderer alt som er godt og ønskelig, står det i fare for å gå i oppløsning».

2 Trackbacks to “Berekrafta og biblioteket”

Leave a Reply