Archive for august 10th, 2022

august 10, 2022

6. august: Til minne om tidenes (?) falskaste fakta

Information Clearinghouse la ut ein tekst av John Pilger 6. august 2022: Another Hiroshima is Coming — Unless We Stop It Now. Her ser han altså framover, i lys av den pågåande krigen i Europa og nummeret-før-krigen om Taiwan. Men no attende til 1940-talet, her er kortversjonen av løgnene frå Washington og i pressa:

  • «Alle» sa: USA måtte utslette Hiroshima med atombomba for å få Japan til å overgi seg. Dette var feil. Washington sjølv vedgjekk i 1946 at Japan alt lenge hadde ønska fred. Bomba skulle brukast. USAs flyvåpen måtte berre ikkje bombe så tett at A-bomben ikkje fekk vist «potensialet sitt». Det viktigaste var å «vise seg» for Sovjet.
  • «Ingen radioaktivitet i runinane» skreiv NYT ein månad etter bomben. Den einaste journalisten som faktisk drog dit, australiaren Wilfred Burchett, blei seinare håna og skulda for løgn etter å ha skrive som det var.
  • På 1950-talet då USA testa nye A-bomber i Stillehavet fekk verda først langt seinare kunnskap om dei dramatiske følgjene for folk og natur på øyane. Og at noko av formålet faktisk var å teste kva menneske kunne tole av stråling.

Pilger har laga dokumentarar om alt dette. Og i 2016 ein film om Kinakrigen, som han meiner vil kome (du kan sjå han på Netflix i dag). Biblioteket vil nok ikkje få rett til å vise filmen, og Pilger er minst like vanskeleg å innby til ein debattkveld på eit norsk bibliotek, men det finst andre i Noreg som kan innleie og debattere eksistensielle utanrikspolitiske emne. Til dømes finst ICAN Norge.

Med-bloggar Mikael Böök har skrive mykje om kvifor særleg bibliotekmiljøa bør engasjere seg mot atomvåpen og krig.