Archive for august 3rd, 2022

august 3, 2022

VIKTIG bok om bibliotekas for- og framtid

Følgjarar til Internet Archive har ikkje problem med å slå i hel tida. Éin ting er det omfattande innhaldet, nedlastingar heilt frå nettets barndom og mengdar av stoff som seinare er digitalisert. Men IA publiserer også eige materiale om bibliotek, til dømes heldt dei eit webseminar 20. juli med forfattarane av boka The Library – a Fragile History. Historikarane Andrew Pettegree (UK) og Arthur der Weduwen (NL) har skrive ei svært lesbar bibliotekhistorie, der dei altså vågar å fokusere også på institusjonens skøyre sider, om ulike trugsmål mot og åtak på biblioteket gjennom tidene, målretta eller ikkje.

PS: I dag skriv også bibliotekhistorikar Mats Myrstener varmt om denne boka på BiS!

Og dei ser også på notida og framtida. Frå den første «dataalderen» nemner dei, ikkje utan ironi, leiaren for RAND Corporation som i 1979 spådde bibliotekets snarlege død. Og forsøka på å lage bibliotek heilt utan papirbøker. Og sjølvsagt digitaliseringa og spreiinga av kunnskap elektronisk, i regi av ideelle eller kommersielle, med eller utan intensjonar om å konkurrere ut offentlege bibliotek. Men framleis har vi 4,6 millionar bibliotek i verda, og det har kome mange flotte bibliotekbygg dei siste åra, slår dei fast.

Så har vi den nye trenden med biblioteket som møteplass og som møtearrangør. Dette blir hos desse forfattarane utgangspunktet for hovudkonklusjonen – at dei trykte bøkene framleis må og vil vere avgjerande viktige. I sluttkapitlet («Reading Without Boooks») har Pettigree og der Weduwen nokre avsnitt der dei, kanskje betre enn nokon annan, set ord på dei unike eigenskapane både ved boka og biblioteket, og på kvifor dei begge må – og vil – overleve. Bloggaren har fått forfattarane og forlaget si tillating til å omsetje nokre avsnitt til norsk:

read more »
august 3, 2022

Kva finnane meiner om debattar i biblioteka

Ei fersk spørjeundersøking i det finske folket (1000 personar over 18) stadfestar nokre av inntrykka frå Noreg, blant anna at små bibliotek ikkje har mykje spanande å by på.

«Bibliotekens styrka ligger i att de är öppna för alla. Ökad dialog och gemenskapsfrämjande verksamhet är något som efterfrågas. … De bästa metoderna för det här ansågs vara diskussioner om aktuella frågor med beslutsfattarna samt möjligheten att bekanta sig med olika kulturer i biblioteken. De unga respondenterna såg bibliotekets roll som diskussionsarena som viktigare än vad de äldre respondenterna gjorde. Bland invånare i små kommuner (med färre än 10.000 invånare) bedömdes evenemangen i biblioteken vara mindre viktiga än bland genomsnittet».

At unge har mest tru på dette i Finland, treng ikkje bety at dei i dag er dei er flinkaste til å møte opp til debattar. Sjå fotoet frå ein norsk debatt om eit utanrikspolitisk tema.