Archive for august 18th, 2022

august 18, 2022

1000!

På bloggen er vi no oppe i eitt tusen følgjarar. Ein beta igjen til influensar-toppen, men ny pers i alle fall. Og det er plass til fleire. Sjå illustrasjonen og leit etter ruta for innmelding borte til høgre.

august 18, 2022

Boklovforslaget: Leveringsplikt, men kva så?

Rekning for kjøp av fleire Dickens til Storelvedalens Bibliothek frå Dybwads Boghandel i Christiania i 1873. Klikk for stort foto

>> 19.8. Sjå også Morgonen etter boklovutkastet

I dag, 18. august 2022, kom forslaget til boklov, etter å ha blitt trenert av dei borgarlege i to regjeringsperiodar. Men altså med eit nytenkt og nyskrive høyringsnotat. Dei to viktige dokumenta er:

Høringsnotat (pdf) og Lovforslaget (pdf).

Med ein gong ein går frå å lese høyringsnotatet med ordsøk, til dømes på bibliotek, (52 treff på dei 52 sidene), forstår ein at det blir debatt, om ikkje kamp på kniven, på fleire punkt. Men underteikna har stort sett berre gjort den førstnemnde øvinga. Dette er nokre heilt førebelse tankar om forslaget etter ein dryg times lesing:

Viktig for biblioteka er at alle typar bøker (papir, e-bok og lydbok) no skal bli prinsippielt likestilte.

Då kan ein ikkje kome unna ei spesialhandsaming som denne i § 7. Plikt til å tilby og levere digitale lydbøker: «En leverandør skal levere eksemplarer av digitale lydbøker til enkeltsalg i digitale abonnementstjenester, til forhandlere som omsetter lydbøker og til bibliotek» («leverandør» er i praksis forleggjar/utgjevar).

I høyringsnotatet, side 39, heiter det: «Bibliotekene er sammen med bokhandlene de viktigste formidlerne av litteratur til befolkningen. Det er derfor etter departementets mening avgjørende at leverandører også er forpliktet til å levere til bibliotek på samme måte som til forhandlere». Og til slutt: «Det må inngås egne avtaler mellom partene om pris og utlånsmodell for utlån av digitale lydbøker i bibliotek» (vår utheving).

Kor mykje lenger er vi komne då? Leveringplikt er verkeleg ikkje alt.

I siste leddet i §7 heiter det: «Departementet kan gi forskrift om gjennomføringen av forhandlernes, abonnementstjenestenes og leverandørenes plikter etter første til tredje ledd». Men dette læt ikkje som noka føring andsynes levarandørane.

>> Kl. 22.30: Eg ser no at NBF-leiar Vidar Lund kjem til å krevje at «at ei minimumsløysing må inn i forskrifta». Men då burde vel eit signal om ei slik opning ha kome alt i dette dokumentet? Vilkåra har jo heile tida vore det springande punktet i lydboka-og-biblioteket-debatten. Og etter «50 møter med organisasjoner og aktører i bransjen» og «[r]undt 20 skriftlige innspill» må problemet opplagt ha vore drøfta (sjå side 6 i notatet).

.På bibliotekfeltet har vi eit mellomledd, Biblioteksentralen, som vel er «forhandler» her? Vi kan lese at «Departementet legger til grunn at leveringsplikten som foreslås i bokloven, fortsatt skal gjelde overfor Biblioteksentralen». Men det er vel framleis fleire enn BS som har appar for digitale bøker?

Ein kan kanskje spørje seg kvifor bibliotek ikkje er konkret forklart og presisert i § 2. Definisjoner. Blant anna når «digital abonnementstjeneste» er definert. Men i høyringsnotatet, side 22, ser vi at biblioteket er tenkt inn under paragraf 2, d.: «Sluttkunde: enhver som kjøper bøker til andre formål enn for videresalg». Dette bør vel ikkje skape alvorlege identitetskriser.

Så ser vi fram til grundige analysar og gode høyringssvar!

PS: Her på bloggen har vi hatt fleire kommentarar undervegs, under stikkorda boklova og lydboka.