Archive for ‘Wikipedia’

januar 8, 2023

Kva skjer (ikkje) på norsk Wikipedia?!

Dette har vi tenkt ved ulike høve dei siste par åra. Og igjen i dag, når vi ser at skøyteløparen Sander Eitrem, som har vore i noregseliten sidan han var 18 i 2020, og som blei noregsmeister i fjor, ikkje har eigen artikkel på norsk Wikipedia (verken bokmål eller nynorsk) når klokka er 19 og det snart er to timar sidan han tok sølv i Europameisterskapen på Hamar. Mens nederlandsk Wikipedia har hatt ein artikkel om nordmannen sidan mars i fjor. Og som blei oppdatert alt få minutt etter at Eitrem avslutta 10000-meteren. På engelsk finst det også ein artikkel.

Ragne Wiklund, som også tok sølv i den same meisterskapen, har ein bokmålsartikkel, men når 3-4 timar har gått, er han enno ikkje oppdatert med denne prestasjonen.

Når du les dette kan nokon sjølvsagt ha retta opp fadesen. Kanskje ein bibliotekar har tatt ansvar. Eg har ikkje tid no.

oktober 11, 2022

Wikipedia i dag: Lærestad for kjeldekritikk

Kjelde. Kritikklaus. Men her startar Mossevassdraget. Posisjon:
6637240.47 N. 605343.8 E

Kan vi stole på Wikipedia? er overskrifta på ei sak på Forskning.no denne veka. Svaret er både ja og nei. Dei intervjuar fem forskarar om artiklar om emne dei er ekspertar på, og karaktergivinga sprikar.

Men noko har skjedd over tid. Journalisten seier: «På begynnelsen av 2000-tallet, i forskning.nos første år, fikk vi ofte klager fra leserne om vi brukte Wikipedia som kilde i artiklene våre. Denne kritikken får vi aldri lenger. Nå blir nettleksikonet brukt som kilde i alle medier».

«- Det viktigste med Wikipedia er at det lærer folk kildekritikk». Han som seier dette er Morten Olsen Haugen, bibliotekar med lang fartstid, no seniorrådgivar i kultur hos Trøndelag fylkeskommune. Han held fram: «Før internett vurderte vi tekster etter hvem som hadde skrevet dem og hvor de var publisert. Når en professor skrev kronikk i Aftenposten, stolte vi på innholdet. Men vi leste et innlegg i Klassekampen av en person uten tittel annerledes, som et partsinnlegg. Vi stolte på offentlige utredninger, men var mer skeptiske til en bok fra Pax forlag. – På Wikipedia står alle disse tekstene sammen. Du må vurdere teksten etter at du har lest den».

Elles kan vi lære at i dag er Wikipedia størst: «I Norge har de 73 millioner sidevisninger hver måned. SNL har ti millioner. Norske Wikipedia har 600.000 artikler, mens SNL har 193.000».

Elles kom vi på ei sak i svenske Biblioteksbladet i februar: Beröringsskräcken för Wikipedia är obefogad. Her skriv Karolina Andersdotter liknande ting: «Är vi fortfarande fast i en hierarkisk idé om vem som äger (rätten att förmedla) kunskap? Vad är det som gör en expert?». Og ho har denne lenka til Researching with Wikipedia. Her finst det også ein på norsk bokmål.

mars 26, 2022

Open Access for wikipedianarar

Om du er aktiv på Wikipedia kan du vere kvalifisert til å bruke The Wikipedia Library. Dugnadsleksikonet gjer avtalar med databaseeigarar om fri tilgang for å gjere leksikonet til ei stadig betre kjelde for alle på kloden med kunnskapsbehov. Sjå også lenke til den norske «filialen» lengst nede.

Takk til Kathleen McCook og bloggen hennar: Behind the Paywall.

september 26, 2020

IFLA med Wikipedia-offensiv

Bibliotekfolk har svært gode føresetnader for å bidra til Wikipedia og andre prosjekt i denne familien. No har IFLA ikkje berre fått seg ein Working Group med dette føremålet, men gjort eit White Paper “Opportunities for Academic and Research Libraries and Wikipedia”, og ein drøss videoar om slikt arbeid.

september 14, 2020

For wikipedarianarar

Når underteikna blir skikkeleg utbrend, eller i alle fall når andre seier dei vil overta stafettpinnen på eit eller anna vis, er wikipediaranisme ein opsjon. Då inngår sånt som dette i pensum: «Libraries think they are notable: Using WorldCat holdings data to fill gaps in Wikipedia».

januar 6, 2020

Wikipedia framleis stengt i Tyrkia

Den ubundne eksil-tyrkiske nettstaden Ahvar melder at trass i at høgsterett i landet med seks mot fire stemmer 26. desember vedtok at stenginga av Wikipedia sidan 2017 har vore i strid med ytringsfridomen, noko blant anna NRK siterte ei NTB-melding på, så er nettstaden framleis ikkje tilgjengeleg.

Og dei kan ikkje eingong skulde på juleferien.

november 1, 2019

Böckernas väv i Internetarkivet

Skjermbilde 2019-11-01 12.10.48Internetarkivet samarbetar med Wikipedia för att underlätta tillgången till digitaliserade böcker som Wikipedia refererar till i sina artiklar. Många av dessa böcker kan nämligen läsas i arkivets växande digitala boksamling, som bevaras tillsammans med miljontals webbsidor från webbadresser som har gått ur tiden.

Bilden ovan visar hur en sidhänvisning i Wikipedias artikel om Martin Luther King öppnar ifrågavarande boksida i en monografi om Martin Luther King i Internetarkivet.

För närvarande har redan 130 000 sådana sidhänvisningar i Wikipedia gjorts om till fungerande länkar, berättar Brewster Kahle i sin blogg. Och det är bara början, tillägger han.

Kahle har rubricerat sitt blogginlägg «Att väva in böcker i webben börjandes från Wikipedia». Men hur blir det då med copyrighten, kan man fråga sig. Kahle tänker sig att det problemet går att lösa och nämner t ex Controlled Digital Lending (CDL) , en «metod som är på kommande» med tanke på bibliotek som vill låna ut digitala böcker så som de lånar ut sina tryckta böcker. «När CDL väl har skräddarsytts för att motsvara de tryckta böckernas marknadsvillkor och kontrollerna är korrekt implementerade, kan CDL bli tillåtet enligt gällande upphovsrättslagstiftning», sägs det på CDL:s hemsida.

Mikael Böök

august 6, 2019

Meir av og om kvinner på Wikipedia

Skjermbilde 2019-08-06 13.22.26Avisa Vårt Land skriv 29. juli (på papir og for nett-abonnentar) om prosjektet Rødlenke, «eit internasjonalt prosjekt som sikter på å auka mengda på kvinnelege biografiartiklar og på fleire kvinnelege bidragsytarar. Tittelen referer til korleis lenker til manglande artiklar på Wikipedia har fargen raud. Kvinnelege namn har ofte den fargen.»

Og vi les at «Tidlegare har Wikimedia Norge samarbeida med Oslomet og fått med studentar på bibliotekkarstudiet til å skriva kvinnelege biografiar. Daglig leiar i Wikimedia Astrid Carlsen fortel at det har hatt direkte innverknad på oppslagsverket.» Og vidare at «Pensjonist og tidlegare arkitekt og bibliotekar, Kjersti Lie, er ei av dei kvinnene som frivillig har skrive og redigert artiklar på Wikipedia over lengre tid. Arbeidet hennar på oppslagsverket medførte at ho i 2016 fekk prisen som årets norske wikipedianer.»                     Så bli med!

 

 

juni 15, 2018

«Wikipedia har ikke kriterier for proporsjoner»

Den som innrømmer dette i hovedoppslaget i Morgenbladet i dag, er bibliotekar Morten Olsen Haugen, wikipedarianer gjennom mange år. Han og flere sier mye klokt om det dugnadsbaserte nettleksikonet, både rosende og kritisk. Avisa har intervjua forfattere, forlag og andre som skriver og overvåker og eventuelt redigerer artikler om seg sjøl. Og de som ikke kan tenke seg å gjøre det samme. Olsen Haugen og andre wikipediaredaktører anbefaler folk å starte blogg heller enn å pynte på artikler om seg sjøl. Det er nok av artikler som ikke følger leksikalske prinsipper.

Vi, for vår del, snubla i går over artikkelen om Kommunereformen i Norge. Den virker saklig og god i det som står, kanskje litt for detaljert her og der, men den gjenspeiler i forbløffende liten grad kritikken og debattene som har funnet sted. Der er Store norske mye bedre.