Archive for juni 26th, 2019

juni 26, 2019

CIA på bibliotekmøtet

I fleire medium i USA, blant anna på Common Dreams, kan ein lese om protestane mot at CIA fekk ha ein stand under bibliotekforeininga ALA sin store årskongress som fann stad i Washington DC helga som var. Eit forslag om utestenging fekk likevel ikkje fleirtal, med grunngjevinga at CIA ville bli nekta ytringsfridom…

Intitiativtakar til protesten var Alison Macrina, som alt er ein av dei Barske Bibliotekarane her på bloggen (sjå nr. 3). Ho argumenterte med at «Everything they stand for is a violation of the values of librarianship.» Og med at det finst ein viss tradisjon for rekruttering av bibliotektilsette til hemmeleg overvåking for styresmaktene. Noko vi skreiv om tidlegare i år, sjå avsnittet «Biblioteksporet i røynda». Då handla det rett nok ikkje om CIA men FBI.

juni 26, 2019

Sommerles.no gjev gode resultat, men det er mykje meir å vinne

sommerles logoheimesida til Møreforsking les vi om evalueringa av kampanjen Sommerles.no:

«Analysearbeidet er ikkje ferdigstilt enno, men foreløpige resultat viser at det er mykje å vinne på betre samarbeid mellom skule og bibliotek.» Det handlar om at «born som deltek i Sommarles.no taper svært lite lesekompetanse over sommaren, medan born som ikkje deltek taper vesentleg meir».

Men dei 105 000 deltakarane (2018) er berre 26 prosent av elevane, så her er det eit stort uutnytta potensial. Alle fylka er med, men altså langtfrå alle kommunane.

Og for ungar som bruker andre språk enn norsk er det verkeleg mykje å hente.