Arkiv-NOUen frå ein bibliotek-ståstad

I april kom NOU 2019: 9 «Fra kalveskinn til datasjø — Ny lov om samfunnsdokumentasjon og arkiver» og no går han på høyring. Vi har lese han på skrå og blant anna notert oss at omgrepet samfunnsdokumentasjon blir heilt sentralt. Det låter bra. Både arkivarar, politikarar og folk flest bør mentalt pensast inn på det sporet.

Utvalet vedgår at dei har slite med kor lova bør høyre heime: «… det er vanskelig å fastslå den faktiske og den riktige balansen mellom kulturarv på den ene siden og digitalisering, forvaltningspolitikk og dokumentasjonsforvaltning på den andre.»

Dei av oss som hausten 1999 ramla av stolen då departementet nærmast spontant lanserte ei ABM-melding (arkiv, bibliotek og musé) i staden for den bibliotekmeldinga vi lenge hadde sett fram til, merker oss at det i dag … «er … lite som tyder på at sammenslåing av den sentrale forvaltningen av arkiv- og biblioteksektoren kaster mye av seg.» Mens dei oportunt viser til røynsler i Canada …

Så kan vi lese: « … folkebibliotekloven [stiller] krav om at både kommuner og fylkeskommuner har fagutdannet biblioteksjef, se lov om folkebibliotek §§ 5 og 7. Utvalget viser til at et kompetansekrav kan være minst like velbegrunnet i arkivloven, men går ikke inn for å innføre særskilte kompetansekrav. En virksomhet vil uansett ha ansvar for å påse at den har den kompetanse som er nødvendig for å løse sine oppgaver.» Osv. osv.

Ikkje overraskande. Klåre krav til kompetanse har vi visst at departement og regjeringar har vore imot sidan 2002 då regjeringa Bondevik II, med Valgerd Svarstad Haugland som kulturminister, ville amputere biblioteklova ganske solid. Ho ville fjerne kravet både om fagutdanna biblioteksjef og om eit fysisk bibliotek i alle kommunar. Bibliotekmiljøet og organisasjonane protesterte kraftig, og etter eit år med regelrett audmjuking av regjeringa, var det aller meste som før, jamfør denne nettstaden som underteikna lagde då.

Elles ser vi at bibliotekar Anne Mette Dørum har sete i utvalet. Ho har gjort arkivkarriere og er i dag spesialrådgjevar i KS.

2 kommentarer to “Arkiv-NOUen frå ein bibliotek-ståstad”

  1. Takk for nyttig info, men tanken slår meg: hvor sterkt står biblioteklova f.eks. mht fagutdanning når ingen har/ gir midler til å håndheve den?

  2. Einig. Å nemne kampane i 2002-3 har i dag mest historisk interesse, og her kjem vi neppe til å gjere det igjen. No går det berre éin veg, ser det ut til: https://www.bibforb.no/kvalifikasjonskrav-i-folkebibliotek-en-analyse-av-stillingsutlysninger/
    Om ikkje mangelen på bibliotekkompetanse i biblioteka blir så alvorleg og påfallande at saka blir tatt opp igjen. Det gjeld å følge med på korleis tenestene utviklar seg. Men når biblioteka berre er dataspel, makerspace og utlån av fiskestenger, er det for seint.

Leave a Reply