Ikkje kasserte klassikarar

Skjermbilde 2019-05-07 23.23.38

Anlegg med låg Cervantesfaktor. Klikk og kikk

Ifølgje norsk presse er kassering av bøker noko av det mest pirrande ein kan skrive og lese om når det gjeld bibliotek. På bloggen kommenterer vi ein del slike oppslag under stikkordet Samlingsutvikling. No har den US-amerikanske biblioteksentralen OCLC sett saman ei liste over dei 100 romanane i verda som er minst kasserte, for å seie det slik.

På toppen av lista står … Cervantes’ «Don Quijote» som (per i dag, 6. mai 2019) finst i eitt eller fleire eksemplar i 5245 av dei over 18 000 biblioteka som er med i den imponerande «verdskatalogen» World Cat. Av desse berre 38 treff på medlemsinstitusjonar i «Norway», og mange av dei er ikkje eingong bibliotek, men ættehistorielag.

Men Nasjonalbiblioteket er med, og dermed det meste av norsk og norskspråkleg litteratur. Men ingen norske romanar finst på lista. På den utvida lista med 500 er det nærmaste vi kjem fire av bøkene til Roald Dahl. Svenskane har med Stieg Larsson. Grattis.

Til dømes Hamsuns «Sult» (i engelsk omsetjing) finst i 1760 bibliotek, men er langt frå å kome på 500-lista. Nr. 500 er Dan Browns «Deception Point» med 801 fleire bibliotek. Men lat oss sjå kor lenge den boka unngår kassering i stor stil.

Leave a Reply