Den førre, og første heile, veka i august, framleis ei norsk sommarferieveke, gav 1477 nedlastingar på bloggen, flest sidan ei intens veke i april då Elsevieravtalen og Plan S gav bibliotekrelaterte oppslag også i riksaviser. No i førre veke var det Atekst og Sandefjord som gav flest nedlastingar.
august 12, 2019
3D-skrivarar og ikkje minst bøker

For ti år sidan såg vi ein 3D-skrivar for første gong i eit bibliotek. Geirr Karlsen på Kongsberg demonstrerer
Den opprinneleg australske, men etter kvart inter-engelskspråklege nettstaden The Conversation har ein tekst av den kanadiske bibliotekprofessoren Paulette Rothbauer som handlar om det vi skriv i tittelfeltet her. Høgst lesbart, særleg om ein tar seg tid til å klikke nokre av lenkene hennar også.