Archive for august 14th, 2019

august 14, 2019

Omfattande dansk lese-ulyst

Skjermbilde 2019-08-16 11.17.47

Bøker berre kvar femte danske ungdom har lyst til å lese. Århus, Dokk1, okt 19

I Danmark er det blitt ein tradisjon med eit sommarleg «Røddingmødet», men som slett ikkje kan samaliknast med Arendalsveka, for her er det «kutyme, at man ikke refererer fra mødet», Men Michel Steen-Hansen, direktør for Danmarks Biblioteksforening, skal halde ei innleiing og avslører noko av innhaldet på bloggen sin. Blant anna at berre «20 procent af de danske skoleelever kan rigtig godt lide at læse – mod 43 procent internationalt». Ein ny lesestrategi skal i gang for å snu utviklinga.

august 14, 2019

EU-direktivet – no på alle skjermar svært nær deg

Skjermbilde 2019-08-14 16.03.42For første gong i dag, 14. august 2019 klokka 11.04, fekk vi midt i fanget ein av følgjene av EU sitt opphavsrettsdirektiv, som vi skreiv så mykje om for eit år sidan. I botnen av trefflista etter eit Googlesøk på namnet til ein norsk sopp-ekspert, under arbeidet vårt med ein lokalhistorisk tekst (jau, han har lokalisert ein sopp til ei tjønn i nærleiken vår, og det skal vere den einaste førekomsten i verda! Men vi vil ha kontakt og høyre meir!).

Men altså i botnen av trefflista denne meldinga: «Noen søkeresultater kan ha blitt fjernet i henhold til europeiske lover om databeskyttelse. Finn ut mer»

PS: Ikkje slik melding på Duckduckgo.