Archive for september 18th, 2019

september 18, 2019

Hol i ytringsfridomen

Skjermbilde 2019-09-18 23.21.35

Hol, type svart

Høgsterett har forkasta ankane i både Rettspraksis– og Popcorn Time-sakene. Men desse lenkene viser at Rettspraksis.no held fram med å leggje ut rettsavgjerder, for forbodet mot å gjenbruke dei offentlege dokumenta som domane er, vil «berre» gjelde åra 2003 til 2007.

Dei to initativtakarane må betale til saman over 773 000 i sakskostnadar, så vi vil tru innsamlinga på Spleis.no framleis er aktuell. Der har dei stilt opp fleire alternative summar ein kan betale. Eitt alternativ er 16 125 kroner, eller «det samme som det koster for en privatperson å abonnere på LovdataPRO et år» (breitt glisefjes!).

Her på bloggen har vi fulgt saka Lovdata mot Rettspraksis.no sidan i fjor sommar. Og meint at bibliotekorganisasjonane burde støtte dei.

Dette innlegget fann vi kvalifisert til tre taggar: Offentleg innsyn, Opphavsrett og Ytringsfridom.

september 18, 2019

Tidsskriftformidling på bergensk

Skjermbilde 2019-09-18 22.36.02

Tidsskrift? Nei, men Bergen: Utsikt frå Trollhaugen

På Bergen offentlige bibliotek har dei slett ikkje ignorert tidsskrifta. Dei har relativt fyldige presentasjonar på heimesida, som til dømes av tidsskriftet Numer. Og her er det fleire.

Og for nokre år sidan hadde dei fysiske arrangement der dei presenterte tidsskrift.

Har fleire bibliotek noko liknande? Skriv om det i kommentarfeltet.

>> Sjå artiklane her på bloggen i serien «Hugs tidsskrifta».