Archive for november 8th, 2019

november 8, 2019

I den vestlege verda

… lærer vi at det meste er på stell. Men her eit par nyheitsbrev og bloggar som kan få oss til å revurdere dette. Først bibliotekforeininga ALA sin Intellectual Freedom News, der blant anna den politiske sensuren mot biblioteket i Citrus county, Florida, er eit tema, og så nyheitene hos Transparency International, som dekkjer heile kloden.

Elles: Go hælj til alle.

november 8, 2019

Ver varsam. Men uredd

Skjermbilde 2019-11-08 17.16.31

Ironisk varsam-plakat på Zeitgeschichtliches Forum i Leipzig

Journalistane har ifølgje Journalisten.no fått utgreia og revidert den såkalla Ver varsam-plakaten sin. Dette er viktig å følgje med på i bibliotekmiljøet også, både fordi bibliotekarane skal vurdere kvaliteten på det dei formidlar og fordi biblioteka i dag sjølve er som redaksjonar å rekne, både som debattarrangørar og utgjevarar.

Ein eigen bibliotekplakat har det også vore snakk om.

november 8, 2019

Det tetnar til

Skjermbilde 2019-11-08 13.13.57

Ekorna ved Kongressbiblioteket er ikkje fake news. Dei har vore der i over hundre år.

Endå meir om – påståtte – fake news på ein fredag: The Guardian skriv om politikarane i Citrus county i Florida som nektar biblioteket å tinge New York Times. Ein av dei seier: «I don’t like ’em, it’s fake news and I’m voting no. They can take that money and do something else with it … I support Donald Trump.»

Og i Det kvite huset har dei samtidig nekta nasjonale statsetatar å tinge både NYT og Washington Post fordi dei har skrive ting som president Trump ikkje liker. Det må vel då også gjelde Kongressbiblioteket?

Nyleg fanga vi opp denne trenden i Sverige og Frankrike.

november 8, 2019

Faktisk.no nektar framleis å konkretisere

Skjermbilde 2019-11-08 12.17.55Om Klassekampen og skribent Jesús Alcalá sin kritikk av Faktisk.no har vi to gongar, seinast i går, skrive at ingen andre media bryr seg om å følgje opp. Men no har Morgenbladet verkeleg kome seg på beina etter redaktørkrisa og kliner til med fire sider om saka. Ane Farsethås dreg først fram Alcalá si omstridde fortid i Sverige. Så kjem ho til saka og meiner blant anna at «Problemet i Jesús Alcalás angrep på faktasjekking, … er at Alcalá tegner opp en falsk motsetning: Det er ikke slik at man enten ser helheten og de viktige intellektuelle linjene (og samtidig slipper opp på kildekritikken) eller er en nærsynt revisor uten blikk for hva som er stort og hva som er smått.»

Men ho skriv også at «Det er prisverdig at Klassekampen ønsker å stille de prinsipielle spørsmålene om faktasjekkens bakside, og ikke bare går for den etablerte fortellingen om denne amerikanskimporterte praksisen som et forsvar mot falske nyheter. Er det slik at bokholderiet og faktasjekkeriet i seg selv kan bidra til å skape et for trangt rom for hva som er viktig og ikke? Vesentlig er det også, som Alcalá gjør, å stille spørsmål ved nettopp Facebooks rolle når giganten samarbeider med andre. Hva betyr det for Faktisk.nos uavhengighet at de samarbeider med Facebook?»

MB intervjuar alle dei involverte, blant anna Klassekampenredaktør Mari Skurdal,
som seier ho …

read more »