Archive for mars 28th, 2020

mars 28, 2020

Sosiale media underlagde krise-kontroll

«Opne Instagram i desse dagar, og du kan bli bombardert med oppfordringar om at «Hald deg heime». På YouTube får du kanskje ei lenke til ein regjeringsnettstad om Koronaviruset. Eller gå til Twitter og søk på uttrykket «å halde avstand er ikkje effektivt». Det kan finnast der, men sannsynlegvis ikkje lenge – fordi Twitter har forbode setninga som skadeleg».

>> Sjå fleire innlegg om Korona og biblioteka.

Dette er innleiinga i ei sak på NBC News onsdag denne veka. Ikkje slik å forstå at vi meiner at meteren til nestemann er feil, men det er prinsippet det handlar om. Vi berre omset vidare, før vi tar laurdagskvelden:

read more »

mars 28, 2020

Lista med kreative Koronatiltak i bibliotek i inn- og utland

Denne lista inneheld 35 gode tiltak og idear per 24. april kl 12.41 (éitt nytt sidan sist). Klikk og kikk. Samtidig finst det no 50 blogginnlegg med taggen «Korona og biblioteket».

Temaet korona er «populært». Tysdag denne veka blei det rekord på bloggen med 1636 nedlastingar.

mars 28, 2020

Bibliotek blei tilhald for ungane til samfunnskritiske*

Skjermbilde 2020-03-28 20.44.01

«Samfunnskritikken» slår endeleg om seg i norsk presse! Her utviklinga ifølgje Atekst 

Då dei stengde folkebiblioteka i San Francisco valde byrådet å tilby lokala til ungar av foreldre med kritiske samfunnsfunksjonar under pandemien. Slik skolar og barnehagar blir brukte her i landet.

>> Sjå fleire innlegg om Korona og biblioteka.

* Lovnad: Dette er absolutt siste gongen vi bruker «samfunnskritisk» om denne gruppa, når vi meiner personell med «kritiske samfunnsfunksjonar». Denne gongen var det for 1) å gjere tittelen så mystisk at folk ville lese og 2) å få god merksemd om denne erklæringa.

mars 28, 2020

Biblioteket og den NESTE krisa

Skjermbilde 2020-03-28 15.32.03

Ein realitet i UK. Snart også i Noreg?

Biblioteka gjer seg populære på fleire felt i desse dagar, med ekstra satsingdigitale tilbod av dels ny type og freske tiltak til og med når det gjeld p-bøker. Men korleis blir det muleg å kome på offensiven for folkebiblioteket når den første, for ikkje å seie andre pandemibølga, er slutt om, får vi håpe, nokre månader?

>> Sjå fleire innlegg om Korona og biblioteka.

Vi ser og høyrer ikkje mykje om den komande økonomiske krisa på tv og i hovudstraumspressa, men i media som Kommunal Rapport og i vekeavisene Dag og Tid og Morgenbladet og i Klassekampen kvar dag, handlar det mykje om at både den nasjonale og lokale økonomiske krisa etter Koronaen blir den eigentlege krisa. Og denne vil råke dei yngre generasjonane endå hardare enn dei eldre. Vi sistnemnde kan trass alt ikkje uroe oss for nokon arbeidsplass og sjeldan for himmelhøge bustadlån. Vi skal berre få vente endå lenger på sjukeheimsplass.

>> Dette blogginnlegget blei publisert 28. mars. Først 14. april registrerte eg at NRK P2 hadde innslag om Koronaen og følgjene for samfunnsøkonomien. 

Også i normale tider har Helse, Omsorg og Skole vore klart høgst prioritert av ulike regjeringar og parti, ikkje berre av Carl I. Hagen. Og kva no, når både skatteinngangen og dei kommunale inntektene (som alle brukarbetalingane og kollektivinntektene) vil bli sterkt reduserte, og sosialstøtta må aukast sterkt? Regjeringa har brukt oljepengar til å bøte på dei kortsiktige problema i næringslivet og for delar av samfunnet, men kva med dei langsiktige økonomiske problema? Ikkje er det politisk vilje til å bruke resten av oljefondet til drift av kommunar, og ikkje vil det monne nok på sikt heller.

Her på bloggen har vi vore på reportasjetur og skrive mykje om krisa for britiske folkebibliotek gjennom heile det siste tiåret. Og hevda at også norske bibliotek vil havne der, etter ein omgang eller to med tommeskruen på kommuneøkonomien. No er vi der snart, godt og vel.

Vi innleia med å kritisere riksmedia for å gå rundt desse utfordringane. Men i går var NRK.no ute med: «Etterlyser kommunepakke: – Inntektene fell med milliardar no»: Regjeringa seier at «Det er ikke et akutt likviditetsbehov i kommunesektoren nå», men finansbyråden i Oslo, Einar Wilhelmsen (MDG) «meiner det er for seint å få reelle avklaringar rundt dette i revidert budsjett i mai». Og førre dagen hadde same nettstad ein kronikk der Thomas Hylland Eriksen letta litt på lokket: «Når støvet har lagt seg».

Det var nok apokalypse for i dag. Frametter vil denne bloggen forsøke å starte debattar om kva vi kan gjere for å forsvare bibliotektilbodet og demokratiet. Til no har koplinga mellom desse to institusjonane mest handla om sjølvfølgjer, slagord og festtalar og dårleg fundert hylling av «debattbiblioteket» og av «møteplassen». Men etter Koronaen må forsvarskampen for biblioteket og for demokratiet bli heilt konkret og henge nært saman.