Formannskapet i Vestfold og Telemark-byen (!) stengde møtet då dei skulle avgjere lagnaden til biblioteket etter brannen i november. I dette lesarinnlegget i Østlandsposten meiner tre røynde bibliotekarar frå byen at «Det er oppsiktsvekkende og uhørt at en så viktig sak preges av hemmelighold og mangel på åpenhet». Og at å byggje biblioteket opp igjen der det stod er «å gå baklengs inn i framtida»:
«Biblioteklovens formålsparagraf legger som før vekt på samlinger, men stiller også store krav til nye medier og moderne formidling. Dette betinger …
Klikk og lån eller lytt til – maskininnlesen – lydbok
I San Francisco har det ikkje-kommersielle Internet Archive eksistert sidan 1996, ein organisasjon i stor grad styrt av bibliotek-logikk og starta av Brewster Kahle, ein dataingeniør som til dagleg kallar seg digital librarian.
I tenesta deira, Open Library, starta dei for nokre dagar sidan ein ny praksis når det gjeld formidling av e-bøker som kan sterkt utfordre det som bok- og mediebransen og nasjonale og internasjonale styresmaktar oppfattar som den ideelle balansen mellom bibliotekutlån og boksal.
Eller kanskje det kan ende med sameining på eit nytt og meir brukarvenleg nivå?