Search Results for “potter”

januar 31, 2021

Potter-/bibliotekdebatten held fram

Også bloggaren har vore på Kings Cross Station

I kommentarfeltet til den siste Pottersaka vår har debatten fått eit par gode, nye trådar. Det som i starten skjedde på ulike Facebookgrupper vil vere både vanskeleg å lokalisere, lese i samanheng og å søke og finne fram i. I kommentarfeltet her blir det litt enklare. Men vér obs på at det som ser ut som kronologisk rekkefølgje, ikkje er det heile tida.

januar 29, 2021

Dei andre sidene av Potter-debatten

I eit debattinnlegg i Klassekampen i dag (ikkje på ope nett) er Kira M. Del Mar einig med alle som no har forsikra at norske bibliotek ikkje vil «at bøkene til Rowling bør fjernes, eller for at vi bør hindre folk i å lese dem … For mange bibliotekarer har det vært frustrerende å se oss selv fremstilt slik». Men, held ho fram: «Det må ha vært langt verre for transpersoner å følge debatten, men de få gangene de har fått uttale seg, er det kritisert som «tvilsom kildebruk».

>> Interessante debattar pågår i kommentarfeltet lengst nede

Ho utdjupar her ei viktig side ved denne sjeldent offentlege bibliotekdebatten. Del Mar har tydelegvis lese meir om dette på Facebook enn dei fleste, blant anna underteikna, og som «bibliotekarstudent som forsker på lhbtiq+-personers erfaringer med folkebibliotek», kjem ho vel til å dokumentere også denne kjeldebruken i eit større format.

Ho skriv blant anna også:

read more »
mai 2, 2022

Smått og smått frå lydbokverda

Danske preferansar rundt leggetid. Frå Dokk1 i Århus. Klikk for å kunne lese

I mangel av store nyheiter om norske folkebibliotek og lydbøker, får vi slå i hel tida med nokre små. Til dømes at:

  • Ifølgje referatet frå det siste møtet i Nasjonalbiblioteket sitt strategiske råd oppsummerte NB, etter ein diskusjon om digital tilgang, at blant anna dette punktet blir «spesielt viktig»: «… en boklov som sikrer at bibliotek kan kjøpe og låne ut e- og lydbøker, fornyet dialog om utlånsmodeller … ». Når NB sjølv melder dette, med Sira Myhre i boklov-leiinga, nærmar vi oss då endeleg svaret på det store boklovmysteriet?!
  • På Storytel-toppen er det ifølgje BOK365 adrenalin-kick som gjeld. Saman med mykje Harry Potter og annan fantasy og spenning.
  • Mens hos konkurrenten Nextory går det mest i «psykisk helse, «prepping» til krisesituasjoner, og søvnhistorier». Altså lydbok på øyret når du skal sove, med lite adrenalin-kick, vil vi tru. Vi får også vite at «De norske lytterne synes … å være de som sovner sist. Onsdager kl. 23.00 er våre mest populære lyttetidspunkt i uka. Også finnene (tirsdager kl. 22.00) og svenskene (mandager kl. 22.00) har lyttetoppen på kveldstid. Danskene derimot, «peaker» på onsdager kl. 15.00, hvilket indikerer at de har andre preferanser rundt leggetid». «Men det er en helt annen historie», oppsummerer journalisten ganske presist.
januar 9, 2022

«Woke» i bibliotekleiinga

Stockholmsidyll. Frå Ivar Lo-Johanssons park

På Nrk.no i dag: «En lærer på tåhev»: Ein lærar på ein austkantskole i Oslo skriv at ho «blir beskyldt for skjult rasisme når jeg snakker om lysere tider eller hvite løgner». Og vi hugser saka frå Kunsthøgskolen i Oslo. Dette var utdanningsvesenet, men kva med biblioteket?

Jo, vi hadde debatten rundt «Harry Potter-saka» og LHBT. Og vi har hatt konfliktar rundt SIAN eller ikkje i biblioteklokale. Men i går hadde Svenska Dagbladet (SvD) ei stor sak som viser at ved Stockholms stadsbibliotek har «ytringsangsten» festa seg heilt til topps i leiinga. Etter partipolitisk press. Så kva skjer når biblioteket på denne måten (endeleg!) kan bli sentralt i valkampane?

Saka i SvD er bak betalingsmuren, men finst på Pressreader. Truleg fortel ho så mykje om Noreg om få år, at også bibliotekmiljøet vårt bør lese og følgje med på denne debatten. Som nok også vil kome på Biblist over helga, etter at Jan Szczepanski la ut nokre «highlights» der.

Det er ei lang historie, men veldig kort fortalt handlar det om at ein som arbeider med heimesida til biblioteket ikkje fekk skrive om eit debattmøte der nokre skal ha blitt sterkt krenka. Og om at ord som «hijab, polis och muslim» blei sensurerte vekk i ein tekst om eit leselystprosjekt i ein drabantby. Han oppsummerer at leiinga har kome under politisk press:

read more »
mai 8, 2021

«Ut mot bokorm-idealet»

Også i Danmark? Her frå Dokk1 i Århus

Dette er ein mellomtittel i hovudsaka på Klassekampen sine kultursider fredag denne veka. Mens hovudtittel og stikktittel er: «Advarer mot banale bøker. Svenske barnebøker blir stadig lettere å lese, viser svensk rapport. Flere frykter samme tendens her hjemme».

Rapportforfattaren heiter Katarina Rejman, forskar i språkdidaktikk ved Stockholms universitet. Ho er «bekymret for at barn ikke forventes å lese mer avansert litteratur, men tilbys enkle og korte fortellinger som ikke utfordrer fantasien og forestillingsevnen. … Man tenker at lettlest litteratur kan være en vei til lesing for barn og unge som ikke er interessert i å lese. Jeg tror ikke det er svaret».

Avisa har også intervjua Kristin Ørjasæter, direktør og forskningsleiar ved Norsk barnebokinstitutt· «Jeg er enig i at korte, enkle bøker ikke alltid fremmer leselyst. … – Det gis ut altfor mange uinteressante bøker for nybegynnere, og mange av dem er ikke engang lettleste …

Og vidare: « … enkle og oppskriftsmessige lettlestbøker kan hindre leseglede, fordi litteraturen ikke oppleves som relevant for barna. – Du kan få leselyst og leseglede første gang du knekker lesekoden, men når du så har knekt koden, trenger du mer variasjon og utfordring».

Innkjøpsordninga speler også ei rolle ifølgje Ørjasæter, men rolla er ikkje positiv:

read more »
februar 21, 2021

Formidlingsdilemmaet

I Stratford i London innførte biblioteket for nokre år sidan «palleutlån» av bestseljarar

Morgenbladet har dei siste vekene skrive om «anbefalingstyranniet» i NRK P2 si kulturdekning. I dag går journalist Aksel Kielland eit steg vidare når han utdjupar at «Vår tids besettelse med å demonstrere nytelseskompetanse er et produkt av dypereliggende strukturer i de digitale mediene». Det handlar mest om tv-seriene og korleis dei populære seriene blir haussa endå meir opp, av ein statskanal som tidlegare brukte meir krefter på dei seriene og andre åndsverk som fekk mindre omtale andre stader. Han skriv blant anna også: «Problemene stikker langt dypere enn en ureflektert og ukritisk kulturjournalistikk. De sosiale mediene indoktrinerer oss til å forstå oss selv som deltagere i en oppmerksomhetsøkonomi snarere enn et samfunn, og ytringer som varer i et marked snarere enn bidrag til en offentlig samtale. Det er nemlig ikke bare markedsføringens språk som er kodet inn i de sosiale mediene, men også Silicon Valleys nyliberalistiske verdensbilde».

Marius Hoel, kultursjef i NRK, svarer: «Målet er å lage aktuelt kultur- og samfunnsinnhold som gir lytterne energi og lyst til å delta i samfunnet. … Grunnen til at vi har anbefalinger, er at vi som allmennkringkaster ønsker å gi flere tilgang til kulturinnholdet, og ofte lykkes vi med å skape nysgjerrighet og interesse hos nye grupper».

Dette låter då kjent. Dilemmaet til NRK er ikkje veldig ulikt det vi kan lese ut av sånt som Harry Potter-debatten vi nyleg har hatt.

read more »
februar 15, 2021

Harry oppsummert

«Round glasses, similar to those used by the fictional character Harry Potter» (det finst f.t.m. ikkje frie illustrasjonar frå bøkene eller filmane). Foto: Ultra-lab (CC BY-SA 3.0)

Ragnhild Malfang, seksjonsleiar ved Lillestrømbiblioteka, skriv i dag ein kronikk i Periskop, nettstad for «Kritikk av kunst for barn og unge»: «Om å like Harry Potter og være oppgitt over Rowling samtidig». Ragnhild har vore med på denne reisa sidan bok 1 i 1999 og ser på alle måtar ut til å ha rimeleg god bakgrunn for eigne meiningar. Les henne.

Vi vil berre framheve ei sak som denne bloggen er tufta på. Ho skriv: «Bibliotekene skal heller ikke skygge unna å debattere utsagnene som har kommet fram, selv om det kan føles enklere å fokusere på kosen og fellesskapet. Bibliotekene har en mulighet til å sette spørsmålene på agendaen og i en større sammenheng. Vi bør invitere folk med ulike meninger inn i samme rom for å debattere, og bidra til å en opplyst samtale. Vi trenger ikke å være enige for å behandle hverandre med respekt, lytte og søke en forståelse for hvordan verden ser ut fra andre synsvinkler».

PS: Underteikna har i femti års tid vore blodfan av ein filmskapar som no er midt i ein liknande skjærseld som Rowling. Han laga blant anna ein film med namnet «Deconstructing Harry»

februar 5, 2021

Det nye fleire-omgrepet

Dette er ikkje for å hetse dei biblioteka som ikkje vil arrangere Harry Potter-festival. Men tysdag måtte vi lese og høyre det igjen, på kanalen og nyheitsprogrammet som (vel?) er aller mest populært her i landet. Klikk og kikk. Om du orkar.

Konkurranse: Finn på eit dugande bibliotek-mem som ikkje innbyr til populistisk klikk-horeri! (kanskje ikkje muleg når vi skriv 2021)

januar 28, 2021

«Bibliotekarer til kamp mot bøker»

Vi trudde kanskje debatten var over i førre veke, men på Atekst ser vi eit nytt oppsving med åtte treff på «Potter AND bibliotek*» dei siste to dagane. På den positive sida kan vi slå fast at etter dei i alt 34 artiklane sidan starten må titusenvis avislesarar ha fått med seg at ingen bibliotek har tenkt å kassere eller setje bøker av Rowling på bakrommet. Og i tillegg kjem det fram i fleire av artiklane at det lokale biblioteket/biblioteksjefen sjølv avgjer kva dei skal kjøpe inn. Og kva dei vil arrangere.

Men likevel kjem vi over sånt som i Sørlandets store regionavis, Fædrelandsvennen, der kulturredaktøren (eller var det desken?) i gårsdagens store kommentarsak sette ein tittel som «Bibliotekarer til kamp mot bøker» (ikkje på ope nett).

Redaktøren skriv mykje klokt om ytringsfridom, naudsynt debatt, krenking osv., men også slikt som at (her må vi rasjonere for ikkje å overskride sitatretten):

read more »
januar 22, 2021

Kva blir biblioteksaker?

Ikkje alt er innelåst hos Tanta. Klikk og kikk

Norsk rikspresse og kringkasting bryr seg sjeldan om noko viktig når det gjeld bibliotek; ikkje om e-bok- og lydboktilgangen som er nær null, ikkje om den svært varierande standarden rundt i kommunane, ikkje om den øyremerka koronastøtta som ikkje kjem og som alt i år vil gjere det urimeleg tungt å kome tilbake til før-pandemisk nivå.

Men svære oppslag blir det, og då går avishusa gåsegang, når bibliotek til dømes følgjer bibliotekprinsippet om sjølv å avgjere kva dei vil stille til rådvelde, og når dei tillet seg ikkje å boikotte ei feiring av viktige barne- og ungdomsbøker fordi forfattaren privat har sagt noko som nokre seier dei kjenner seg veldig krenka av.

Sidan vi ikkje har tilgang til det aller meste av Aftenposten og ikkje orkar å leite meir etter FB-gruppene der debattane skal ha gått, avgrensar vi oss til vere heilt einige med BF-leiar Veronicha Angell Bergli i eit Aftenposten-innlegg (som gjekk klar av betalingsmuren):

read more »