E-lydboka – sanningas augneblink for biblioteket?

SA 25.2.50 leseutstyr blogg 18febBibliotekarforbundet har lenge hatt ei aktiv arbeidsgruppe for e-bøker, men som no går heilt opp i dei elektroniske lydbøkene. For denne litterære formidlingsforma har blitt ei stor sak i riksmedia dei siste par vekene. Det starta med at sjefane for storbybiblioteka ytra seg i Aftenposten  8.2. og som vi blogga om (under denne bloggposten legg vi no inn lenker til dei seinare oppslaga i ulike media).

>> Måndag 18. februar er det høyring om kulturmeldinga på Stortings-TV. Ørjan Persen skal snakke for BF kl. 14.34. Det heiter seg at han vil bruke «alle» dei tre minutta sine på e-lydboka. NBF kjem 14.31. Dei hadde eit e-lydbokinnlegg i Dagsavisen laurdag.

BF sitt tidsskrift Bibliotekaren intervjua 14. februar Ørjan Persen som er leiar av arbeidsgruppa. Overskrifta er tydeleg: «- Har ventet lenge nok på e-lydbøkene». Persen presenterer ein grundig analyse av stoda og kan ikkje sjå hindringar for at konstruktive forhandlingar skulle kunne starte mellom forleggarane og Nasjonalbiblioteket. For mens e-boka går treigt for tida, er e-lydboka ein suksess:

«– Jeg ser at Einarsson fremhever at forlagene har gjort store investeringer på e-lydbøkene. Da må i så fall inntjeningen også være svært god. Den største aktøren på det norske markedet nå er Storytel, hvor Cappelen Damm er deleier. De går med overskudd på det norske markedet. Den nest største strømmetjenesten er Fabel, eid av Aschehoug og Gyldendal. Lederen for Fabel melder om fin utvikling og er meget optimistisk …».

Det handlar om at biblioteka skal kunne halde på nye generasjonar brukarar. Sjølv om vi nyleg kunne påvise at 72 prosent helst les på papir, vil 8 prosent av dei unge helst ha lydbøker. Og meir vil det nok bli når tilbodet blir meir kjent.

 

One Trackback to “E-lydboka – sanningas augneblink for biblioteket?”

Leave a Reply