Archive for mars, 2020

mars 25, 2020

Permittert eller karantenert bibliotekar?

Kvifor ikkje bidra til historia om biblioteket ditt i bibliotekhistorie-delen av lokalhistoriewiki.no? Gå til «Kategorier» borte til høgre og sjekk under til dømes «Folkebibliotek» om det alt finst ein artikkel. Mange av desse er berre påbegynte, så det finst ofte ein god del å bidra med.

>> Sjå fleire innlegg om Korona og biblioteka.

mars 24, 2020

Lydbok er framtida, men med store manglar på norsk

IMG_0606

«Fabel» har berre 16 titlar i gruppa «Samfunn». Sjå lista lengre nede

Dei nye kommunikasjons- og medievanane under Koronaen er ikkje berre forbigåande, men vil bli varige. Som at videomøte på eit par veker er blitt normen: «Ting som ellers hadde tatt 10-15 år å utvikle skjer nå på noen uker». Og i går skreiv Aftenposten om «Stor økning i lydboklytting». Mange fleire enn før har fått augo, og øyrane, opp for lydboka.

>> Sjå fleire innlegg om Korona og biblioteka.

I går fekk vi vite at folkebiblioteka får 20 ekstra millionar frå staten til kjøp av kommersielle e-bøker og e-lydbøker. Men kva når kvardagen kjem, i ein situasjon med gjenreising omlag som etter andre verdskrigen og mykje lågare kommunebudsjett enn i dag?

Og om lydboka blir meir jamstillt med både p- og e-boka, så er dette berre halve sanninga. Kan du tenkje deg …

read more »

mars 23, 2020

Turboka du aldri har drøymt om!

Det kjem til å bli blogging for halv maskin ei tid framover på grunn av innspurten med boka «Kortreiste topper i høyreist skog». Om kommunetoppane i eit fylke slukt av Viken, men som framleis lever! Ei bok inspirert av Roger Pihls «Guide til det danske høyfjellet». Du kan laste ned eit av kapitla frå nettstaden. I ein Spleis kan du kjøpe boka på førehand og bli med på ei folkefinansiering.

Kjem dessverre ikkje som e-bok …

Del gjerne 🙂

mars 23, 2020

Abid Raja – tidenes mest spandable bibliotekminister

Skjermbilde 2020-03-23 15.08.38

>> Vi har seinare, i ulike samanhengar, justert denne karakteristikken av Abid Raja.

Aftenposten no i føremiddag: «Krisepakke til bibliotekene. Alle skoleelever får digital tilgang hjemmefra». Alt er ikkje like tydeleg i dette lille oppslaget, men på NB si heimeside får vi detaljane.

I forhandlingane med Kopinor og bokbransjen har dei oppnådd betre tenester når det gjeld utnytting av pliktavleverte e-eksemplar, men avgrensa til skoleelevar, studentar og forskarar. Ein må forstå det slik at det gjeld alt dei har og det som kjem til i perioden. NBF sitt krav om at dei pliktavleverte bøkene skal gjelde alle, har ikkje fått tilslutning,

I tillegg får folkebiblioteka 20 millionar til kjøp av kommersielle e-bøker og e-lydbøker. Det er interessant at fylkesbiblioteka her viser seg naudsynte for å få administert dette. Det kjem også 5 millionar til formidling av digitalt innhald. Men vi finn ingenting om rullering av Bokhylla-avtalen, noko som er foreslått av fleire dei siste vekene.

Noko er omdisponeringar på NB sitt budsjett og noko er omdisponering og nokre nye tippemidlar.

Her er detaljane i tiltaka for å styrke det digitale bibliotektilbudet:

read more »

mars 23, 2020

Digital oppmuntring

Skjermbilde 2020-03-23 12.06.28

I desse tidene då vi må ty til elektronisk kunskap og kultur, kan tweets frå Oslo Poesikammer vere noko å lese og dele.

Og med det same, i desse fake news-tidene vil vi minne om ein av tidenes beste medie- og politikar-ironiske sketsjar, ein «oomkullrunkelig klassiker» (!), som no også inngår i ein omfattande podcastserie frå SVR.

mars 22, 2020

Kor går biblioteksongsjangeren?

Skjermbilde 2020-03-22 23.24.55

Biblioteksongdiktar Tore Berger syng i eit bibliotek

Det er helg og ein må inniblant slappe av oppi alt Korona-alvoret. Med biblioteksongar. Lesarane av denne bloggen kjenner til mange songar, dikta av bibliotekfolk med lyriske talen … ambisjonar. Dei aller fleste svært bibliotekpolitisk korrekte. Men faktisk har også seriøse artistar prøvd seg i sjangeren. Her kjem tre av dei; to norske og ein svensk.

Lenge gjekk «Du må ha ei bok for å finne gleden» for å vere landets beste biblioteksong, men denne er også ganske prydeleg og trad. Finn Evensen (Bjelleklang) gjorde låta, men Trond Granlund gjorde henne kjent under opninga av Lørenskog bibliotek sine nye, flotte lokale i 2011. De finn teksten på side 9 i Bibliotekforum nr. 5 frå 2011.

Men så tipsar medbloggar og bibliotekaktivist Mikael Böök meg i dag om ein skikkeleg lang og god bibliotekballade!: «Upplands Väsby bibliotek 1887 – 2015». Ex-proggrockar Tore Berger er ansvarleg for tekst, melodi og framføring. Her får vi ein spydig versjon av heile livshistoria til eit konkret bibliotek i ein forstad til Stockholm! Utgangspunktet for songen er at biblioteket har visse problem, blant anna med kombinasjonsbibliotek og at lokala er på andre høgda, i alle fall var dei det i 2015. Og det ser ut til at dei i dag berre delvis har kome ned på gateplan.

Blant alt som skjer gjennom dei 17 versa, er det enkelte ting som er spesielt interssante for oss her i landet, som til dømes …

read more »

mars 22, 2020

Lydbokløft for smale titlar?

På tide med smale lydbøker

I desse tider skjer ting som var utenkjelege for eit par veker sidan, som at den spanske staten nasjonaliserer alle private sjukehus. Og i ein fersk video på The Intercept minner Naomi Klein om at det same skjedde i endå større målestokk i USA for 80-90 år sidan.

Norskspråklege lydbøker handlar stort sett om krim og bestseljarar. Samfunnsviktig, for ikkje å seie samfunnskritisk (!), og dermed smalare litteratur, står langt bak i køen. Men kva om Abid Raja og gjengen gav nokre millionar til lydbokisering av slike titlar. På vilkår av at dei også skulle vere tilgjengelege gjennom biblioteka, på mykje betre vilkår enn i dag. For dei vil jo elles ikkje vere god butikk for forlaga og dei kommersielle appane.

Vi gjentar kva NBFs Heidi Hovemoen sa til Morgenbladet i førre veke:

mars 22, 2020

Aukrust-arkeologi må til

Tidenes mest originale erstatning for ikkje innleverte bøker har nok Kjell Aukrust stått for. Foto: Rigmor Dahl Delphin.

Vi les at det har kome ut ei bok om «hundreåringen» Kjell Aukrust, ganske overraskande på eit forlag «nær oss». Men då er det også tid for å minne om at Aukrusten var ein av tidenes største bibliotek-forbrytarar!

Men han gjorde opp for seg. Før Deichman på Hammersborg renoverast til nye formål må arkeologar slippe til i lokala til musikkavdelinga. I dette intervjuet eg gjorde for NBF i 2014 med tidlegare Deichman-sjef Liv Sæteren finn de denne historia.

mars 22, 2020

Situasjonen «over there»

I USA må bibliotektilsette no kjempe for å få stengt biblioteka, og så for å ikkje miste lønna. Her eit opprop frå fagforeininga ved University of Pittsburgh.

mars 20, 2020

«… dramatiske ringvirkninger for hele kulturøkonomien»

Ikkje attende til mellomalderen, men ,,,

Bok365.no kan vi i dag lese om at «Litteraturhusene i Oslo, Bergen, Fredrikstad, Skien og Trondheim, har gått sammen om et brev til kulturdepartementet hvor de ber om tiltak mot den akutte situasjonen som har oppstått».

Dette må ein jo ha sympati for, men, som vi før har skrive, «biblioteka sine gratis tenester betyr jo ikkje økonomiske tap for nokon, så der er det ingenting å kompensere for i denne situasjonen. Men korleis skal Noreg få biblioteka på beina igjen etter at dette er over, når kommunekassene er endå meir slunkne?»

Les blant anna kva Oslo sin byrådsleiar, Raymond Johansen, seier i Klassekampen i dag (for abonnentar):

read more »
mars 19, 2020

Kreativitet mot Korona

Skjermbilde 2020-03-29 19.09.26Her kjem det framover lenker til kreative utspel og tenester frå bibliotek, slik som situasjonen er med smittefare og stengde lokale:

mars 19, 2020

Konkurrentene Fabel og Storytel har inngått en ­prøveavtale om å dele enkelte titler fra sine respektive ­eierforlag: Deler på de store

Heiter det i Klassekampen i dag.

Skulle berre mangle. Men ikkje eit ord om bibliotek.

mars 19, 2020

Nasjonalbibliotekets krisepakke

Bibliotekutvikling.no annonserer i dag nasjonalbibliotekaren fleire tiltak for å møte situasjonen med stengte bibliotek.

>> 18.3. Viken fylkeskommune krev liknande satsingar frå regjeringa.

Vi er usikre på om dette kan lesast av andre enn dei som er innlogga, så vi siterer heile greia, og med nokre uthevingar:

Tekst: Aslak Sira Myhre, nasjonalbibliotekar

Alle landets bibliotek holder nå stengt. Det betyr at Norge står uten et fysisk bibliotektilbud, både for elever, studenter, forskere og allmennpublikum. Nasjonalbiblioteket har gjennom nettbiblioteket den eneste infrastrukturen som kan kompensere noe for de stengte bibliotekene. Men vi har ikke rettighetene til materialet i samlingene våre sjøl, de er regulert av lovverk og avtaler med rettighetshavere. Vi kan derfor ikke bare åpne samlinga for er bruk uten videre. Men vi jobber med flere konkrete tiltak. 

Vi jobber for å gi tilgang til det pliktavleverte materialet som bibliotekene har kunnet gi tilgang til i sine lokaler. …

read more »
mars 18, 2020

Bibliotektilsette under Koronaen?

Det kan fort oppstå rykte om kva tilsette gjer etter stengetid. Klikk og kikk

Det hadde vore interessant å vite kva bibliotektilsette gjer når dei no er fri for «dei j… brukarane»? Gjer dei arbeid som elles har blitt liggande? Endeleg kome ajour med klargjering? Har dei nytta høvet til å ruste opp det digitale? Leggje inn digitalt materiale i katalogen? Lage podcasts? Er dei permitterte? Er dei kommanderte til andre kommunale oppgåver?

Bruk kommentarfeltet nedanfor eller send e-post om det til frilanders (at) gmail.com.

mars 18, 2020

Take-away-bibliotek

nettstaden iRisør les vi at «Risør Bibliotek tar del i dugnaden ved å stenge Risørhuset. De har i stedet opprettet «Bok-Take-Away» sånn at barn og voksne fortsatt kan låne bøker på en sikker måte.

– Det beste for oss er om folk bestiller bøkene via vår nettside. Du kan også sende epost eller ringe 37 14 97 77 mellom 11-13. For å bestille på nett må du ha nasjonalt lånekort og en pinkode. Du kan hente bøkene mellom 11-13 mandag til fredag».

Liknande og andre oppfinnsame metodar kan du fortelje om i kommantarfeltet nedanfor.