Ny rapport: Blir folkebiblioteket sett tiår tilbake etter koronaen?

Skjermbilde 2020-08-10 kl. 11.41.09

Biblioteket anno 1990 – og 2021?

I april skreiv vi om at medlemmane av den europeiske bibliotekorganisasjonen EBLIDA tok del i ei kartlegging av tilstanden i biblioteka under koronaen. No har dei laga ein – førebels – rapport, «A European library agenda for the post-Covid 19 age» (pdf), der dei ikkje berre oppsummerer kartlegginga, men innbyr til debatt rundt fem felt der koronaen har endra vilkåra for bibliotekdrift:

  1. Exponential social distancing: a well-connected two-meter library;
  2. Technologies are mutating and shaping libraries in new ways;
  3. Uncharted economic territory: review the library budget composition;
  4. Library governance at central and local levels;
  5. Do not forget the climate change opportunity and threat.

Innhaldet i dei to første punkta kjenner vi godt igjen frå den norske utviklinga sidan mars, blant anna skildra i mange punkt her: «Kreativitet mot korona». Men i den nye rapporten synst vi punkt 3 er aller viktigast, særleg fordi det ikkje har vore på dagsorden enno. Fritt omsett: «Det ikkje-kartlagte økonomiske feltet; ein ny gjennomgang av bibliotekøkonomien». Nedanfor ei like fri og høgst uoffisiell omsetting av dette punktet i samandragskapitlet («executive summary»), pluss nokre andre sitat. Vilkåra for finansiering av lokale bibliotek er altså sterkt endra (våre uthevingar): 

«Som eit resultat av pandemien reknar ein med ei alvorleg svekking av den globale økonomien i 2020. … (i EU reknar dei med 7% nedgang, mykje meir enn i finanskrisa i 2008-09). Den økonomiske nedturen vil bli openberr i 2021, og bibliotekbudsjetta kan bli råka av to grunnar. Den første er at inntektene nesten berre blir genererte på lokalt nivå av kommunale styresmakter … . Den andre er at mange postar i bibliotekbudsjetta er lite elastiske: vedlikehald av bygningar, personale og ressurser til drift, spesielt til kjøp av digitale ressursar, kan ikkje enkelt bli justerte for å oppfylle nye økonomiske krav. Dette kan derfor føre til store budsjettkutt for det «sosiale» bibliotektilbodet, til biblioteket som «den tredje staden» og biblioteket som møteplass – med andre ord biblioteket slik det opererer saman med og innafor lokalsamfunnet. Med andre ord dette som dei siste tiåra har vore noko av det mest stimulerande med bibliotekutviklinga».

Skjermbilde 2020-08-10 kl. 11.04.11

Les Mikael Böök i kommentarfeltet om desse monopolistane og om «internet governance»

Og lenger nede: «Hovedrisikoen er at biblioteksjefane berre stoler på tradisjonelle finansieringskjelder, som sannsynlegvis ikkje vil vere dei same som førre budsjettår. Om politikarar og finansadministratorar speler hovudrolla her, kan meldinga bli å gå tilbake til bibliotekets «kjerneaktiviteter», det vil seie å låne ut bøker».

Rapporten og EBLIDA omfattar heile Europa, men forslaget til løysing på økonomiutfordringa handlar her berre om å lobbe i EU og søkje forskings- og utviklingsmiddel i EU. Sjølv om Noreg er i EØS må vi nok halde oss til NB og KUD, som vanleg. Og her har aldri statstilskot til drift vore aktuell politikk. Men her er det snakk om permanent eller langvarig omstilling, som blir noko anna.

Rapporten seier ingenting om innføring av brukarbetaling som ei politisk «løysing», men dei er elles ikkje spesielt optimistiske. Nokre smakebitar:

«Det vil ikke være lett å drive, eller å gjenoppfinne, biblioteket i eit to-meters samfunn, der arrangement er forbode, 75% av stolane er vekk, der brukarane må følgje sosiale distansereglar og der det blir vanskeleg med oppsøkande tilbod».

Skjermbilde 2020-08-09 kl. 21.00.59

Debattmøte på Göteborgs stadsbibliotek i november 2019. Korleis blir det eitt år seinare?

«Når biblioteket blir sett på som «essensielt», «viktig» og at det har ein «nøkkelfunksjon» i samfunnet, korleis kan det ha seg at det blir stengt straks det blir konfrontert med syretesten Covid-19?»

«Vi må også hugse at biblioteka har mista monopolet på fri tilgang til informasjonstenester. Dei blir utfordra på to frontar. På den eine sida distribuerer informasjonstjenesteleverandørar, som Google, gratis og universell tilgang til innhald basert på annonseinntekter og har tatt opp nokre av de tradisjonelle tjenestene til biblioteka. I tillegg sikrar aggregatorar, som Netflix, massiv distribusjon av innhald til låge abonnementskostnader».

«Det er ingen langsiktig effekt av digitaliserte bibliotektenester etter Covid-19. Dei private tenesteleverandørane kan går vinnande ut av krisa. Musikk, scenekunst og live-tilstellingar er trua under krisa, og dei må tilby «gjenbruk» av digitale arrangement for å tiltrekke publikum og klare seg økonomisk. Men vil bibliotek kunne samarbeide om denne distribusjonsprosessen? Vil biblioteka be om og påvirke kulturdepartementa og / eller lokale kulturetatar om å utforme eit nytt system med lokale hjelpemidler, skattemessige insentiv, politiske tiltak og annan form for tilskot til kultur i eit breiare heilskapeleg perspektiv?»

Kva med grepet om publikum som biblioteka oppnådde under koronaen?: «Alle kreative tiltak som er retta mot å innfri innbyggjarane sine behov vil kanskje ikkje bli lytta til innafor dei stive rammene av tradisjonelle administrative mønstre. I så fall kan grepet om publikum forsvinne når pandemien er over».

5 Responses to “Ny rapport: Blir folkebiblioteket sett tiår tilbake etter koronaen?”

  1. Tack Anders för att lyfta fram denna rapport. Jag letade fram stycket du också citerar för att ha det till hands även på engelska: «It should also be remembered that libraries have lost the monopoly on free access to information services. They are challenged on two fronts. On the one hand, information service providers, like Google, distribute free and universal access to content based on advertising revenues and have taken up some of the traditional services libraries used to provide. On the other hand, aggregators, like Netflix, ensure massive distribution of content at low subscription costs.»
    Det där begreppet «monopoly on free access to information services» tål att tänka vidare på. Borde detta vara ett så kallat naturligt monopol? Och hur borde det i så fall regleras? Det är förstås en problematik som sammanhänger nära med regleringen av internet och begreppet «internet governance». Kommer bibliotekarierna att höja rösent om «internet governance» innan det är för sent?

Trackbacks

Leave a Reply