Politisk alvor på biblioteket

Skjermbilde 2019-12-27 20.42.56

Streikehistorisk i Klassekampen 21. desember 

No er det stille på bibliotekfronten, men vi fekk auge på eit par trådar som viser seg å løpe saman på eit vis. Det handlar om uredde bibliotekfolk. Og nokre i heilt motsett ende av skalaen.

Først går vi femtieitt år attende i tida: I desember 1968 arrangerte biblioteksjef Adolf Henriksson i gruvebyen Malmberget i Nord-Sverige ei utstilling av Odd Uhrbom sine fotografi i reportasjeboka “Gruva”, med tekst av Sara Lidman, om dei umenneskelege arbeidstilhøva ved gruvekonsernet LKAB der nord i landet. Lidman var på opninga og las frå boka. Der og då fekk biblioteksjefen stukke til seg eit ark med nokre hemmelege rasjonaliseringplanar for gruvene. Han hengte desse etter kvart ikoniske «31 tesane» opp på utstillinga. Dagen etter var dette i Stockholmsavisene. Noko som var med å leggje grunnen for den største gruvestreiken nokon gong i Norden.

Henriksson er ein av denne bloggen sine Barske Bibliotekarar. Og her kjem den femtande barske bibliotekaren:

Vi er ved årsskiftet 2019-20 og finn blant anna i Aftenposten at leiarar for det kinesiske skilandslaget har bedt om at biblioteket i Meråker fjernar «kinesisk litteratur biblioteket har. Blant bøkene de ønsket fjernet er en bok om Falun Gong-bevegelsen.» Denne filosofien og meditasjonsteknikken har vore forbode sidan 1999 i Kina. Kinesarane er i Meråker der dei blir trena av norske ekspertar, som ledd i den store oppmjukinga av tilhøvet til Noreg etter at Liu Xiaobo fekk Nobels fredspris. Vi hugsar jo pingpongdiplomatiet på 1970-talet

Biblioteksjef Anne Marken fekk vite «at hvis noen av de kinesiske skiløperne blir tatt med disse bøkene, er de redd for at de risikerer arbeidsleir eller fengsel i Kina.» Likevel avviser biblioteksjefen dette presset og viser til ytringsfridomen og biblioteklova.

leiarplass i VG får ho godt skussmål, til skilnad frå Erna Solberg: «Det som var opplagt for biblioteksjefen i Meråker har ikke vært like opplagt for dagens regjering. Dessverre. Statsminister Erna Solberg og hennes folk gikk på akkord med grunnleggende prinsipper og viktige verdier da de i 2016 godtok Kinas betingelser for å komme ut av fryseboksen.»

Og på leiarplass i Vestfold- og Telemark-avisa (slik må det vel heite no!) «Varden» blir Torbjørn Færøvik sitert om dette: « ,,, det er lett å ufarliggjøre episodene i Meråker, slik kommunens representanter gjør» og «pytt, det er da bare ‘naturlig’ med ‘kulturforskjeller’». Men, og som Færøvik påpeker, handler dette om noe mer – og at «vi står overfor en bevisst politikk fra Kinas side, en trang til å diktere andre som bare vil vokse seg sterkere i årene som kommer».»

Og i VG på nett listar same Færøvik opp mange som først har protestert mot Kina, for så audmjukt har bede om orsaking. «Hold ut, kjære venner, det kommer mer», avsluttar Færøvik.

Kinesarane har endå to år igjen av avtalen med blant anna kulturdepartementet, den olympiske komiteen, Trøndelag fylke og den vidaregåande skolen i Meråker. Så meir press kan kome både mot biblioteksjefen og kommuneleiinga.

Ho må då få klår støtte frå det norske bibliotekmiljøet, slik tidlegare NBF-leiar Frode Bakken gjekk ut med på fagforumet «Biblioteknorge» i går: «Hun gjorde det selvsagte og riktige så slik sett er dette ikke noe å hausse opp – på den annen side: Hun gjorde det. Det er i dag blitt helt normalisert i Norge etter norske myndigheters knefall for kinesisk innblanding, å legge seg flat for kinesisk press. Tenk bare på at Nobelprisvinner Dalai Lama ble nektet å komme inn Stortingets hovedinngang og måtte gå «kjøkkeninngangen»».

<< Foto frå Twitter av bibliotekbokbålet i Kina

PS 1: Bibliotekarar som derimot ikkje fortener støtte er dei som ifølgje Politiken.dk i dag har vist seg overdrive lojale mot sensurvillige lokale styresmakter i den kinesiske byen Zhenyuan. Byrådet varsla fjerning av visse bøker «på grund af deres særligt følsomme indhold», men då to bibliotekarar starta sin eigen liten bokbrann, blei dette av ein eller annan grunn ikkje sett pris på, så dei vil bli tiltalte og straffa.

Men det er vel sånt vi må jobbe med å begripe, no når denne stormakta skal overta den globale dominansen i løpet av tiåret som kjem.

PS 2: Vi ser også for oss kinesiske reaksjonar mot Trønder-Avisa! I eit oppslag i går heiter det nemleg at tibetanske skiløparar blir kursa på trøndersk snø «i all hemmelighet». Men Tibet er, dessverre, ikkje ein eigen stat, og løparane vil neppe kunne opptre under tibetansk flagg, slik ein her kan få inntrykk av. I alle fall er det ikkje slik for tibetansk fotball. Ikkje er dei medlem av FIS heller, det internasjonale skiforbundet.

 

One Comment to “Politisk alvor på biblioteket”

  1. Mon tru kven og for kva det var at det vart kjøpt inn bøker frå Falungong-rørsla til eit mindre folkebibliotek i Trøndelagen? Kor stort var etterspurnaden for slikt hjå lokale lånarar. Vedkomande bøker må jo ha vori på kinesisk — med gamle teikn som i Táiwan og Hongkong, eller med nye teikn slik som på Fastlandet og i Singapore? Ingen ende på spærsmåla som ikje vert reitr — man som fagbibliotekarar må kunne ha greie på og evne til å greie ut!

Leave a reply to Tollef Ås/秋涛乐(Ch'iew T'ao-leh) Avbryt svar