Archive for januar 30th, 2020

januar 30, 2020

Intelligent reklame?

Det er fredag og rom for lettare stoff, så kvifor ikkje denne miksen av ein reportasje i Aftenposten frå utflyttingsfesten på gamle Deichman og ein annonse for utlån …

Den seriøse baktanken er å kunne minne om korleis Facebook, Google og dei andre sosmed-sværingane gjennom dei hemmelege algoritmane sine rett nok kan gje oss ein del nyttige tips, men minst like ofte, som her, føre oss på avvegar.

Men den fullstendig uslåeleg uheldige trippelkollisjonen mellom redaksjonelt innhald og reklame skreiv Bjørn Bjørnsen om i boka «Våre nye folkeeventyr» i 1993, med undertittelen «Medieindustrien mot år 2000».

Ei bok som fekk underteikna til å oppsøke forfattaren i Drøbak med blokk og blyant og dermed debutere som journalist for Bok og bibliotek. Lesbar bok. Bør sjå på henne igjen (sorry, those are for Norwegian IPs only).

Eit PS til med-fossil frå 90-talet: Sjå dette som Bjørnsen snakkar om frå eit seminar i Mo i Rana. Han er positiv til «ideen om ein framtidig felles tekstdatabase ved nasjonalbiblioteket». Rett nok ikkje for skjermlesing (WWW dukka opp året etter), men for nytrykk av bøker. Eg hugsar ikkje seminaret lenger. Anyone? Bruk kommentarfeltet.

januar 30, 2020

Kva om biblioteket tok saka!

Tenkjer på denne Boltonboka som har så tungt for å kome ut…

Her på bloggen har Mikael Böök skrive ein god del om biblioteket som utgjevar. Og meir blir det, for på konferansen med det lange namnet «Mid Term Meeting IFLA Special Interest Group On Library Publishing» på OsloMet 5. og 6. mars skal han, og mange andre, delta og halde innlegg om folkebiblioteket som utgjevar.

januar 30, 2020

NETTHAT i Moss! Djupdykk i eit «debattbibliotek»

På ein sur tysdagskveld i januar og midt i beste EM-i-handball-sendetid er Moss bibliotek fullt av folk! For her har bibliotekarane sidan lovpålegget i 2014 aktivt forsøkt å realisere biblioteket som møteplass og debattarena. Og det viser seg at mossingane ikkje blir skremde verken av eit tema som netthets eller at det sit ein netthets-forskar og ein ung Utøya-overlevar på podiet.

Er biletet av folkebiblioteket verkeleg i ferd med å frigjere seg frå det tradisjonelle «lånebiblioteket»? Men kva skal til for å kunne halde fram? Vi fekk ein prat rundt dette med representantar for både biblioteket og initiativtakarane til dette møtet.

Den fulle tittelen på møtet var «Netthets: Hva er dette fenomenet? Er kvinner og jenter mer utsatt enn menn? Hva kan vi gjøre for å forebygge?». Dette var berre første møte av fire om kvinnerelaterte spørsmål, og initiativtakar er Moss Arbeiderpartis kvinnenettverk.

Debatt er eitt av dei mest potente stikkorda for det moderne biblioteket når vi skriv 2020, men å finne folk som er for netthat er ikkje lett, så det blei to innleiarar som utfylte kvarandre;

read more »