Dette skriv mobilnettleverandøren ice.no på botnen av ei liste over nettstader der dei no gjev abonnentane «fri databruk [til] viktig informasjon under koronakrisen». Kvifor ikkje også biblioteknettstader?
Hadde vi hatt eit norsk bibliotek.dk, med alt som høyrer til (skråll nedover), hadde det vore eit naturleg «fritak».
Kor mykje, eller kor lite, i desse krisepakke-dagar, ville det kosta å lage noko slikt i Noreg? Basert på det vi alt har?
Og kva med endeleg å nasjonalisere alle mobilnettselskapa?
Sigrid Undset døydde i 1949, så no har alt av henne «falle i det fri». Bokselskap.no annonserer i dag at dei har gjort e-bok av romanen «Jenny». Og i fleire langt meir les- og nedlastbare format enn på bokhylla.no.
Den delvis Open-Access norske tidsskriftbasen Idunn.no har under Koronakrisa opna seg heilt og fullt for alle. Vel å merke fram til biblioteka opnar igjen, men då kan du igjen, ved personleg oppmøte, få same tilgang.
Vi gjorde i dag eit søk i basen, men førebels utan spesielt notidsrelevante treff på «Corona» (men om alt muleg anna frå ølet til Ibsen), eller på «Korona». Og enno ingen på «Covid». Vi fekk 16 treff på «pandemi», men ikkje berre i medisinsk samanheng.