Archive for april 27th, 2020

april 27, 2020

Biblioteka treng alliansar framover

Skjermbilde 2020-04-27 18.37.55

Klikk og sjå heilsidesannonsa frå Deichmans venner i 1990. Etter allianse med bl.a. Fritt Ord

Mange bibliotek har veneforeiningar. Dette er ofte greie nok foreiningar i «fredstid», som typisk står for eit ope arrangement eller to i løpet av året, er med på loppemarknaden og har ei Facebookside med ofte god deltaking.

Men når den lokaløkonomiske post-korona-realitetane slår inn over oss alt til hausten, men kanskje særleg neste år, når regjeringa vil trappe ned på fondsbruken, er det ikkje nok. Då må alliansar byggjast med personar og grupper som i korona-prosessen har fått auga opp for kor sårbar kunnskapen kan vere framover. Og som ser samanhengen mellom fri tilgang til kunnskap og eit reelt demokrati. Sitat frå «Sju forslag for den nære framtida»

april 27, 2020

Kva slags demokrati?

Prinsippa om offentleg innsyn, open informasjon og debatt er nært knytte til heile ideen om biblioteket. No har vi ein diskusjon om appen Smittestopp som skal overvåke oss, men til fellesskapens beste, heiter det. Og på Nrk.no i dag handlar det om at dei har fått tilgang til dei hemmelege rapportane om konsekvensane av koronaen, men det meste er sladda «av hensyn til rikets sikkerhet».

Bibliotekarar og bibliotekorganisasjonar må framover alliere seg med andre krefter som som «i korona-prosessen har fått auga opp for kor sårbar kunnskapen kan vere framover. Og som ser samanhengen mellom fri tilgang til kunnskap og eit reelt demokrati» (frå «Sju forslag for den nære framtida»).