>> Sjå også del 2 om denne saka.
Underteikna, med berre eitt år på baken som høgskolebibliotekar (1990-91), kjem til kort når det gjeld å forstå alvoret og endå mindre blogge noko lurt om temaet i denne saka på Khrono.no: «Ber departementet vurdere full stopp i nytt forskningssystem». I ingressen heiter det: «Sentrale organisasjoner i kunnskapssektoren roper alarm om ny løsning for registrering av forskning og vitenskap. De ønsker at Kunnskapsdepartementet vurderer full stopp av ny løsning».
>> Debatten er i gang nedanfor. Følg opp!
Namn i denne nyheita er: UHR, FFA (Forskningsinstituttenes fellesarena), Unit, Cristin, Sikt og NVA (Nasjonalt vitenarkiv) (der det er ikkje er lenker har det vore omorganiseringar).
Men vi spør: Kor verkeleg alvorleg er dette for Vitskaps-Noreg på kort og mellomlang sikt osv? Kor alvorleg for fagbiblioteka?
Kan bibliotekorganisasjonane gjere noko? I alle fall har Arbeidsutvalget til UHR-Bibliotek på lista si over «Prioriterte innsatsområder og tiltak for UHR-Bibliotek 2020-2022» at dei skal vere «Tydelig aktør i arbeidet med utvikling av prosjektet Nasjonalt vitenarkiv».
Andre lesarar av bloggen kan vel også ha peiling. Bruk gjerne kommentarfeltet.