I tillegg var det eit oppslag i Vårt Oslo søndag og i slutten av august hadde Morgenbladet tittelen «Hvis det ikke hadde vært for skolebiblioteket, kan det hende jeg hadde falt ifra». Dette er det kollega Lars Petter Sveen som seier. Dei er fire forfattarar som fortel om tilhøvet sitt til skolebiblioteket. Til dømes Maria Navarro Skaranger: «På biblioteket fantes bøker som ikke var på pensum. Det var fint å få anbefalt bøker av noen som ikke var læreren min, og det var bra å lese uten å prøve måtte finne motiv eller tema». I tillegg har MB intervjua Camara Lundestad Joof og Malin C.M. Rønning.
Nokon som kjenner seg igjen? I alle fall på dei tre første punkta i oppsummeringa bloggaren Peterals gjer av ein fersk analyse av «svenskarnas läsvanor för att ta ett samlat grepp på utvecklingslinjerna de senaste decennierna».
Elles utan samanlikning: Arbeidernes leksikon. Utg. 1932-36.
Frå og med i dag skal vi kvar tysdag presentere éin av kategoriane eller stikkorda som er knytte til innlegg her på bloggen (ei tid tok vi lett på dette, derfor er mange berre blitt «Uncategorized», men det er eit par år sidan no). Denne tysdagen er temaet Litteraturformidling! (i bloggens ånd ikkje så mange detalj-tips, men viktig nok). Og som reprise-innlegg i denne kategorien vel vi «Nyklassisisme frå Jotunheimen», frå februar i fjor.
De finn ein sky med eit utval (truleg dei mest brukte) av dei 144 kategoriane her nede til høgre. På toppen av høgre kolonne har bloggen også ein intern søkemotor som omfattar heile innhaldet, men hugs då at berre dei siste to åra har språket vore nynorsk.