Archive for september 22nd, 2020

september 22, 2020

Falske nyheiter

Kvar tysdag minnar vi om at vi på denne bloggen legg kategoriar til artiklane. Slik kan bloggen fungere som eit oppslagsverk i det små. Denne veka ser vi på «falske nyheiter». Her er det per i dag 36 artiklar. Den utvalde artikkelen er «Falske fakta-fella» frå november i fjor, der vi siterte den danske forskaren Johan Farkas som meiner heile tankegangen er feil.

september 22, 2020

Er vi informerte nok? Og forskarane?

Vi hadde akkurat tenkt å skaffe og kanskje melde boka «Informerte borgere? Offentlig tilknytning, mediebruk og demokrati», men så kjem det i dag, i Norsk medietidsskrift nr. 3/2020, ein spenstig omtale av boka av førsteamanuensis Kim Tallerås ved ABI, OsloMet.

Og han startar med eit sitat som lét som musikk i bibliotekar-øyre: «Det vesentlige for samfunnsorienteringen er ikke om folk er fullt ut informerte borgere, men om de har solide veier til offentligheten som kan mobiliseres når engasjement og handling kreves av enkeltborgeren».

Tallerås er ikkje i tvil om at boka er «velskreven og på alle måter interessant». Men i dei avsluttande normative vurderingane sine avslører forfattarane velkjent, lågt «bibliotek-medvit». Tallerås skriv:

read more »
september 22, 2020

Opp- og nedturar i Bjørvika

Vanskeleg bodskap under koronaen

>> 22.9. kl 13: Fekk vite no at fotoet i magasinet er frå då skolebarn sjaua bøker frå det gamle biblioteket – i januar. Men det skal ha vore ganske intime tilhøve i sommar også.

I Agenda magasin skriv Helga Gitmark veldig fint om «Den norske drømmen i Bjørvika». Ein sentral bodskap er den moderne einsemda og kor viktige dei nye møteplassane i samfunnet er blitt, og at «Det går en tydelig linje mellom Putnam og Hertz´ bekymringsmelding og bibliotekets muligheter. Det er ikke knapphet på informasjon i dag, men det er knapphet på felles møteplasser der alle får ta del i kunnskapen, og få hjelp til å prioritere hva som er relevant og viktig, og der vi rett og slett kan være sammen med andre mennesker».

NTB-fotoet dei har valt som illustrasjon er frå eit arrangement på nye Deichman ein gong i sommar, der verken byrådet, bibliotekleiinga eller brukarane kan ha hatt angst for nærkontakt på den nye møteplassen. Medvite eller ikkje medvite val av foto; kontrasten blir nesten hjarteskjerande til restriksjonane Deichman nyleg måtte innføre på grunn av oppblomstringa (for ein metafor!) av koronaen i hovudstaden.