Archive for september 28th, 2020

september 28, 2020

Trendy. Brandy.

Deichman Bjørvika er ifølgje Kulturbyen Oslo nominert til prisen «Trend Brand of the Year». Om du er i Potsdam torsdag 26. november kan du få med deg resultatet og den eventuelle prisoverrekkinga.

Ifølgje arrangøren måtte kandidatane i søknadane gjere greie for sine «utopias, changing ideas, exciting campaigns or your future-oriented cultural projects that stimulate the European cultural market with new impulses and thus change society in the long term!».

september 28, 2020

2021: Startskot for konkurranseutsetting?

I 2011 foreslo FrpU dette.

Vi noterer oss at Svensk biblioteksförening har vedtatt å gjennomføre «en grundlig och allsidig undersökning av folkbibliotek med alternativa driftsformer». Dette blant anna etter at Axiell no satsar stort på å drive bibliotek for svenske kommunar og i fjor overtok alle biblioteka i Nacka kommune.

I Noreg er Axiell mest kjend for biblioteksystema Mikromarc+ og Quria, men har også her bibliotekdrift på tilbodslista.

Så den svenske utgreiinga blir også interessant her heime, sjølv om norske kommunar på langt nær har vore så ivrige på privat drift som svenske. Men det første korona-prega budsjettåret vil bli …

read more »
Translate »