Archive for september 24th, 2020

september 24, 2020

Läsfrämjandelyft m.m.

Amanda Lind, den svenske kultur-, demokrati- og idrettsministeren, har på Facebook annonsert «läspaketet», eit heilt batteri av statlege tiltak på lesefronten. Eit leseløft for barn, som er knytt til skolen, får i alt 130 millionar dei komande to åra, Statens kulturråds lesefremming for folk i alle aldrar får meir penger, og noko nytt er eit «läsfrämjandelyft för folkbibliotekarier». I tillegg vidarefører regjeringa programmet «Stärkta bibliotek», noko vi på bloggen sidan starten i 2017 har kalla (nesten-)bibliotekmilliarden, no med i alt 300 millionar dei komande tre åra. Dette er pengar som går til meir langsiktig styrking og utvikling. Og apropos to avisoppslag i Noreg denne veka: Dei svenske kronene går til utvikling av bibliotek i «glesbygden».

september 24, 2020

Linné igjen

På Linnéuniversitetet er det bibliotekutdanning. Bloggaren var der i november og intervjua Joacim Hansson..

Vi forsøkte oss her om dagen med eit kompromiss i høve til bydelsutvalet i Oslo som ville fjerne «Linné-benken» i Botanisk hage. No var det Naturhistorisk museum som skulle avgjere dette, og dei vedtok ingen endringar, men er opne for å diskutere kva som skal stå på skiltet ved benken.

I går hadde Khrono eit godt og viktig intervju med professorane Torgeir Skorgen og Dag O. Hessen om Linné. Hessen seier blant anna: « … Linné [var] likevel ingen praktiserende rasist. — Han gjorde denne ene inndelingen av mennesker, men hans livsgjerning forøvrig handlet ikke om dette. Det finnes vitenskapsmenn som har hatt det som sitt viktigste mål, og dem bør det ikke settes opp minnesmerker for, … Hessen synes og det er interessant at Linné framhever samer som forbilder med eksemplarisk levesett. — Han hadde ikke spesielt negative tanker om urbefolkninger».

Men i heimlandet Sverige meiner mange at Linné må ned frå soklane. Og i Växjö ligg Linnéuniversitetet, der nokre foreslår nameendring.

september 24, 2020

Oppkalling ved Bergen Off

Plassen til Platou?

I Klassekampen i dag kan vi lese om prosjektet «Kvinner på sokkel» i Bergen. Målet er at kommunen skal «auka talet på gater og plassar som er kalla opp etter kvinner». Raudt-representant Sofie Marhaug hadde først foreslått å oppkalle plassen ved biblioteket etter Torborg Nedreaas, men bystyret vurderer i staden ei statue av forfattaren på plassen. Men så kom Marhaug med eit nytt forslag: Valborg Platous plass. Vi les: «Ho var født i 1839 og døydde i 1928. I kamp med tretten menn fekk ho i 1882 jobben som sjef for biblioteket i Bergen og blei då landets fyrste kvinnelege biblioteksjef. Platou var sjef ved institusjonen i 27 år, og gjennom desse åra vaks samlinga frå 30.000 til 100.000 bind».

På bloggen har vi faktisk vore innom henne tidlegare.

Men i desse dagar skal jo alle med hovudet på sokkel eller namnet på gateskilt og plassar gjennom nærmast inkvisitoriske godkjenningsprosedyrar. Av Valborg Platou har vi ikkje funne noko rasistisk i det offentlege, men, Raudt-representant, som mangeårig teatermeldar i ulike bergensaviser var ho rett og slett reaksjonær! Også i si samtid. Sjå fleire døme i Knut Nygaards bok «Gunnar Heiberg : teatermannen». Utan at vi på nokon måte er imot forslaget. Vi er trass alt i familie med dama. Inngifta og tolv ledd unna.