Archive for januar 22nd, 2021

januar 22, 2021

Det er fredag – igjen

Som aktiv tvittrar har Trump sikkert etterlate seg mange fleire «dokument» enn nokon annan US-amerikansk president, men ifølgje The Guardian har han hatt eit anna tilhøve til vanlegare arkivalia. Éin ting er at han hadde som vane å rive i filler dokument han ikkje likte, men der meir samvitsfulle i staben var raske med å tape dei saman igjen. Men i tillegg valde han å ikkje sende fleire viktige elektroniske dokument til arkivet. Dette kan no skape problem i riksrettsaka mot han, men i tillegg kan det eigne biblioteket som tradisjonelt blir oppretta etter avgåtte presidentar, ende opp med store hol i samlingane.

Vi lenka i desember (også då på ein fredag) til ei sak om eit ambisiøst arkitektutkast til dette framtidige biblioteket, men illustrasjonen vår i dag viser eit bibliotek av det litt enklare slaget.

januar 22, 2021

Kva blir biblioteksaker?

Ikkje alt er innelåst hos Tanta. Klikk og kikk

Norsk rikspresse og kringkasting bryr seg sjeldan om noko viktig når det gjeld bibliotek; ikkje om e-bok- og lydboktilgangen som er nær null, ikkje om den svært varierande standarden rundt i kommunane, ikkje om den øyremerka koronastøtta som ikkje kjem og som alt i år vil gjere det urimeleg tungt å kome tilbake til før-pandemisk nivå.

Men svære oppslag blir det, og då går avishusa gåsegang, når bibliotek til dømes følgjer bibliotekprinsippet om sjølv å avgjere kva dei vil stille til rådvelde, og når dei tillet seg ikkje å boikotte ei feiring av viktige barne- og ungdomsbøker fordi forfattaren privat har sagt noko som nokre seier dei kjenner seg veldig krenka av.

Sidan vi ikkje har tilgang til det aller meste av Aftenposten og ikkje orkar å leite meir etter FB-gruppene der debattane skal ha gått, avgrensar vi oss til vere heilt einige med BF-leiar Veronicha Angell Bergli i eit Aftenposten-innlegg (som gjekk klar av betalingsmuren):

read more »