Archive for august, 2021

august 31, 2021

Lydbokmarknadsløyer

Endå ein lydbokapp skal etablere seg her i landet (vi fekk med oss to andre i mai månad). Ifølgje reklamenettstaden Kampanje handlar det no om danske Podimo: «Med Podimo samles podkast og lydbøker på ett og samme sted, og i tillegg har vi eksklusive avtaler med enkelte podkaster».

Denne nye kanalen satsar stort på kjendisar ifølgje same kjelde: «Kjente profiler som Tone Damli, Solveig Kloppen, Iselin Guttormsen, Lilli Bendriss og Jan Thomas er i stallen til Podimo».

Underteikna lydbok- og podkaststorforbrukar vil vel forsøke han i ein prøveperiode, men nokon overgang frå den noverande, ser vi ikkje for oss.

Ingen av lydbokhandlane på den norske marknaden klarer å utvide tilbodet noko særleg ut over krim, seriebøker og bestseljarar. Dei små tilboda av faglitteratur handlar mest om biografiar av kjende herrar (Eli Hagen og Gerd Liv Valla er unntaka. Døme: Storytel).

Ikkje eitt vondt ord om Are Kalvø, men illustrasjonen ovanfor er frå Storytel og viser eit tips om «Lignende bøker» etter at vi hadde høyrt ferdig Terje Tvedt si verdshistorie og Odd Karsten Tveit si bok «Midtøsten på 200 sider» …

Når det gjeld tilbodet gjennom den ikkje ukjende Bibliotek-kanalen, er det vel lite nytt å melde, etter det vi skreiv i juli.

august 31, 2021

Den nye store bibliotekopninga i Oslo!

Til skilnad frå opninga av Deichman i Bjørvika, som av pandemiske grunnar blei ekstremt langsam og famlande, men som fekk stor pressedekning heile vegen, kom opninga i går av eit nytt bibliotek i Oslo sentrum heilt uventa på dei aller fleste, unntatt på Arkitektnytt. Og opninga av biblioteket skjer ved dette høvet nesten eitt år før opninga av moderinstitusjonen.

Av ein video forstår vi at dette ikkje berre skal vere eit eksklusivt fagbibliotek, men også for folk flest, medrekna ungar.

Og som vi ser av endå eit foto, slår dei frå starten fast den nye folkehelseinstituttale målestokken vår – éin meter mellom deg og din neste.

august 30, 2021

Når vi snakkar om USA

Bloggaren går turar med lydbøker på øyret. I går var vandringa godt tilpassa ei bok på berre to timar og tjugefem minutt, nemleg Kurt Vonnegut si aller siste bok (han gjekk bort i 2007), og mest sjølvbiografiske, seier mange: «A Man Without a Country». Her får vi blant anna vite kor viktige folkebiblioteka er:

«I want to congratulate librarians, not famous for their physical strength or their powerful political connections or their great wealth, who, all over this country, have staunchly resisted anti-democratic bullies who have tried to remove certain books from their shelves, and have refused to reveal to thought police the names of persons who have checked out those titles*.

So the America I loved still exists, if not in the White House or the Supreme Court or the Senate or the House of Representatives or the media. The America I love still exists at the front desks of our public libraries».

* Dette med ikkje å sladre til FBI om lånarane har vi skrive mykje om i denne bloggen.

Det ser ut til at berre 11 av bøkene til Vonnegut er omsette til norsk. Om Gyldendal (det norske forlaget hans) ikkje syntest denne siste var viktig då ho kom i 2005, får dei eit godt høve til å skifte meining når no Vesten og USA (men kanskje ikkje det offisielle) blir nøydd til å gå i seg sjølv når det gjeld krigføring i framand land. Vonnegut, som sjølv var ung soldat i USA sine styrkar mot Hitler under den andre verdskrigen, blei ein av pasifismens viktigaste forfattarar. Og ein meister i bitande ironi. Etter blant anna å ha overlevd den skandaløse allierte bombinga av reine sivile mål i Dresden sentrum i februar 1945, skildra i «Slaktehus-5 eller barnekorstoget».

PS 31.aug.: Bloggposten ovanfor blei delt av folk også på svenske Biblist. Ein lesar svarte med å lenke til heile Vonneguts «bibliotek-kapittel» i det progressive nettmagasinet In These Times: «I Love You, Madame Librarian». Det framgår at boka inneheld blant anna artiklar han hadde på denne nettstaden, der han også var «senior editor until his death in April 2007».

august 29, 2021

29. august

«Beatles Help» av  SixtiesGirl1964 (CC BY 2.0) Utsnitt.

På denne dagen fann blant anna dette stad:

1541 – Dei osmanske tyrkarane erobra Buda, hovudstaden i det ungarske kongeriket
1756 – Frederik den store gjekk til åtak på Sachsen og starta Sjuårskrigen
1831 – Michael Faraday oppdaga elektromagnetisk induksjon
1966 – The Beatles heldt den siste konserten sin for betalande publikum i Candlestick Park i San Francisco
1991 – Øvste Sovjet i Moskva sette stopp for all aktivitet i det sovjetiske kommunistpartiet
1997 – Netflix blei lansert som ei nettbasert utleigeteneste av DVD

2020 – Det norske Nasjonalbiblioteket lukka nettforumet Biblioteknorge etter tjue års drift. Dei fjerna også arkivet frå nettet. Dei sa dei skulle «bevare» arkivet, men ingen har sett det sidan. Men nokre dagar seinare starta frivillige opp ei tilsvarande liste, med same namn, og som fungerer som berre f. Til dømes har det vore 67 innlegg sidan 1. juni. Meld deg på du også.

Nasjonalbiblioteket lanserte i fjor haust ei plattform med lukka fora for bibliotekmiljøet, og med bl.a. eit hovudforum med namnet Bibliotek-Norge. Men der er fagmiljøet lite aktivt. Det har vore åtte innlegg der frå 1. juni til 29. august, utan eit einaste svar eller kommentar.

august 27, 2021

25 år med tidsmaskina!

The Internet Archive er 25 år! Noko dei feirar med blant anna ei tidslinje som viser  «the pivotal moments when knowledge became more accessible for all». Alle desse viktige åra og hendingane er markerte med lenker til innhald i arkivet.

Klikk til dømes på 1933, som markerer nazistanes bokbål dette året, og lån, på den spesielle Internet Archive-måten, men som forleggjarane meiner er lovbrot, boka «Burning books» av Matthew Fishburn.

Eller gå til 1989 og sjå Tim Berners-Lee, «faren» til WWW, snakke (i 2016) om «Re-decentralizing the web – some strategic questions».

24. mars 2020 lanserte Internet Archive sitt eige «naudbibliotek» under pandemien, som heller ikkje blei tolt av bokbransjen. Men les blant anna om ein forskar i Oslo som takk vere denne tenesta fekk fullført arbeidet sitt for Forskingsrådet.

PS: På bloggen har vi skrive om andre «naudbibliotek» som er om muleg endå meir forhatte blant dei som gjer seg til millardærar på andres forsking.

Lat oss seie som Wildenwey: «Dette vil ergre de store, men enkelte små vil det more».

august 26, 2021

Ben Ferencz’s Thoughts on What Can Be Done After September 11

Benjamin Ferencz – Chief Prosecutor in 1947 Einsatzgruppen Trial – In Courtroom 600 Where Nuremberg Trials Were Held – Palace of Justice – Nuremberg, Germany by Adam Jones, Ph.D. – Global Photo Archive (CC BY-SA 2.0)

By Mikael Böök, Isnäs, Finland

In Afghanistan, what collapsed extends well beyond the government in Kabul. What has happened forces the whole western world to face even broader, fundamental questions.

President Sauli Niinistö on August 24, 2021

To my ears, President Niinistö’s words ring very true. Yes, now, more than ever, is the time for deep-going reflections, discussions, and reassessments about the war in Afghanistan and, generally, the «war on terrorism» that the government of USA with its coalition of willing states begun after September 11, 2001. My starting point in this posting, however, is the question: what, in all this, could be of special concern for librarians? The fate of the inhabitants of Afghanistan under the new regime of the Taliban is, of course, of immediate concern, but is here perhaps also a general lesson to be drawn, and especially by librarians

What inspires me to ask these questions is the example of Benjamin Ferencz, a name which must be familiar to specialists in international law and international politics but which I only came across recently in an article about the current phase of the ‘war on terrorism.’ As of this writing, Benjamin Ferencz is spending his one hundred and second year of life (in Florida, as far as I know.) 

His Hungarian-Jewish family emigrated early to the United States, where Ben begun studying law. After graduating (1943), he served as a soldier in one of the US Army’s air defense battalions in Europe.

In the final stages of World War II, Ferencz was placed in a team under General Patton tasked with investigating German war crimes and commissioned to collect testimonies from concentration camps. After the end of the war in 1945, the young lawyer and war veteran became one of the chief prosecutors in the world-historical Nuremberg trials against the Nazi leaders.

Among Benjamin Ferencz’s many recent contributions are …

read more »
august 26, 2021

Papiravislesing med stil

Avislesing ifølgje Storm P (som no er i det fri!)

Den ofte skarpe og utstuderte petitsignaturen Hærverk i Klassekampen skriv 24. august om lesing av papiraviser på nye Deichmanske bibliotek i hovudstaden. Dette skjer «i høye, beigebrune ørelappstoler» på ein mesanin*. Og lesarane, får vi inntrykk av, er mest distingverte herrar, og dei «mangler bare pipe i hånda, og hvis man kler seg ut som femtitallsfrue og serverer dem frokost mens man maser og skravler, kommer de sikkert til å lage en helt autentisk mann-bak-avisa-lyder. Uten å slippe teksten med blikket strekker de seg etter kaffen. Det rasler i nytt papir og lukter dagfersk trykksverte når de blar».

Er dette sjangertillaten overdriving, eventuelt blanda med nokre fordommar om bibliotek, eller stemmer det kanskje?!

Som koronarisikabel av tredje grad har bloggaren berre såvidt vore innom det nye biblioteket og kan ikkje seie om det er dekkande. Men det stemmer svært dårleg med fleire andre bibliotek vi kjenner. Der høyrer avislesarane verkeleg til dei breie laga av folket. Blant anna slike som ikkje har råd til å …

read more »
august 25, 2021

Nei til fri flyt av data

Foss i Moss i fri flyt

Nei, vi har ikkje blitt motstandarar av Open Access. Det handlar i staden om internasjonal big business med data, der Google, Amazon, Apple osv. er blant dei mest aggressive. På Attac.no i dag, og i Klassekampen, kan vi lese: «Et nytt Storting må demokratisere digitaliseringen», forfatta av Hege Skarrud, leiar i Attac, og Roy Pedersen, leiar i Nei til EU. 

Slik avsluttar dei: «Senterpartiet, Rødt, Arbeiderpartiet, MDG og SV har alle tatt til ordet for i sine partiprogram å sikre mer demokratisk og offentlig forvaltning av data. Da er det tydelig at vi trenger regler på digital handel. Altså handel med data. Men disse reglene kan ikke bestemmes av teknologigiganter og deres støttespillere. EU-forordningen følger gigantselskapenes ønsker, ikke fellesskapets. Samtidig må vi være på vakt mot det samme i pågående forhandlinger om digital handel i Verdens handelsorganisasjon (WTO) og i EFTA-avtaler. En ny regjering og deres støttespillere må snu de pågående forhandlingene og avvise fri flyt av data-forordningen. Da undergraver de verken sin vedtatte politikk eller demokratisk kontroll».

Slikt som dette angår også bibliotekfolket, noko NOLUG slo fast i mai, då dei arrangerte eit Zoom-møte med Hilde Wisløff Nagell, forfattaren av boka «Digital revolusjon: hvordan ta makten og friheten tilbake». Ei bok vi også omtalte her på bloggen.

PS: Sjå også eit dagsferskt innspel frå dronningriket: «8 centrale perspektiver fra unge om tech».

august 22, 2021

Mens vi ventar på Taliban

110 treff i søk på «Taliban» på Deichman. Klikk og kikk

>> Sjå også fråsegna frå IFLA om Afghanistan

No lurer mange (men ikkje alle) på om Taliban har endra seg sidan sist, om dei har blitt meir tolerante i høve til dei ikkje hundre prosent rettruande og til motstandarar lokalt og globalt. Mens vi ventar kan vi lese ei bok som blant anna Deichman i har i hyllene: «The Poetry of Taliban».

Morgenbladet skreiv blant anna dette då boka kom ut i 2012:

«Dette er bare menn som skriver poesi og er talibanere. De snakker om ting som opptar dem, noen ganger på svært kunstnerisk vis, andre ganger på et svært enkelt språk», sier redaktør Felix Kuehn om poetene til The Bureau of Investigative Journalism. Han hevder poesien forteller mye om tankesettet til de stolte og ofte dypt emosjonelle Taliban-krigerne. Den norske terrorforskeren Thomas Hegghammer sier seg enig. «Dette kan være den første poesisamlingen av strategisk betydning».

Utan å ha opna boka kan vi ikkje seie om ho også inneheld hyllingsdikt om øydelegginga av folkebiblioteket i Pul-e-Khumri i 1992. Så seier Wikipedia: «The library contained over 55,000 books and old manuscripts and was considered by Afghans as one of the most valuable and beautiful collections of their nation and their culture». Edgardo Civallero (gamal kjenning på bloggen) skreiv om dette i nettidsskriftet «Information for Social Change» (sjå lenke nedanfor i Blogroll): «When memory is turn into ashes…», gå til Part 3.

Ikkje veit vi heller om poetane skriv om …

read more »
august 21, 2021

Dritlei Dewey?

The Warburg Institute by Philafrenzy  (CC BY-SA 4.0). Utsnitt

Underteikna har leia to studieturar for bibliotekarar til London, men las først i dag om eit bibliotek der borte med ein «attraksjon» som verkeleg må inn i programmet om det blir fleire slike turar. Det er snakk om the Warburg Institute Library (sjå videoen!) ved University of London, i Bloomsbury, heilt sentralt i hovudstaden. Éin spesiell ting er at samlingane «flykta» frå Hamburg til London i 1933 (grunnleggjaren var tysk jøde), ein annan at dette er eit fleirkulturelt kulturhistorisk bibliotek med vekt på illustrasjonar, men for det tredje at samlinga er oppstilt for å oppnå maksimal serendipitet. Eller det vi tidlegare har kalla det lykketreffsikre biblioteket.

Visstnok skal også Biblio Tøyen, der vi dødelege vaksne aldri får sleppe inn, praktisere noko liknande.

august 19, 2021

Møteplassar og sosiale rom etter koronaen. Og før den neste

Breie trapper blir viktige. Her ei mindre brei. Frittståande, midt i Fredrikstadmarka

«Kan pandemien ha gjort arkitekturen en tjeneste?» Dette spør Anette Dietrichson Bruun i ein kommentar i Arkitektnytt. Ordet bibliotek er ikkje nemnt, men kvart ord her er relevant for biblioteket. For pandemiar vil jo skje igjen.

Det er mange nye folkebibliotek under planlegging og bygging her i landet for tida, sjå den dynamiske oversikta Nye bibliotekbygg.

Her nokre poeng frå artikkelen:

  • Hvis smittevern skal bli en innarbeidet del av arkitekturen og ikke bare ad hoc-løsninger ved akutte behov, må vi snakke om dette når vi nå skaper steder for morgendagen. 
  • Kan steder der folk flytter på seg, som trapper, heiser, dører og kommunikasjonsveier, få mer oppmerksomhet og bedre kvalitet, fremfor å bli plassert i et mørkt hjørne som ikke kan brukes til noe annet?
  • Behovet for smittevern vil løfte frem fellesarealenes betydning, kvalitet og størrelse, og kanskje dempe brutto/nettofaktor som en dominerende planleggingspremiss.
read more »
august 19, 2021

Dataspelmøteplassrettleiar

«V-1025 B» blei lansert i dag av Kulturdepartementet. Også kjend som «Møteplasser for dataspill og datakultur» med undertittelen «Hvordan skape gode og inkluderende møteplasser for dataspillinteresserte barn og unge?». Her er sjølvsagt folkebiblioteka tatt med på laget.

Vi kan lese at Vestland Fylkesbibliotek er ein av partane der dei ansvarlege har innhenta innspel.

august 19, 2021

The World’s Best!

Lykkelege Kalle

I all hast: Under den (virtuelle) internasjonale bibliotekkonferansen WLIC (også kalla IFLA-konferansen) har dei i dag kåra Deichman i Bjørvika til verdsmeister av året: «New public library world champion named».

Juryen nemner Carl Deichman, og at han ville vore «thrilled to see that his bequest became the foundation for the world’s best new public library in 2021». Dei ventar altså inga fråsegn frå han, men han var ganske godt nøgd alt i 1970.

Gratulere!

august 18, 2021

UH-bibliotek og publisering i støypeskjea?

På Khrono.no i går: «Foreslår en felles publiseringstjeneste i sektoren». Og i ingressen: «En arbeidsgruppe nedsatt av Universitets- og høgskolerådet (UHR) foreslår å slå sammen de åtte plattformene som i dag finnes på enkeltinstitusjoner, til én felles nasjonal publiseringstjeneste».

Alle dei aktuelle biblioteka er sentrale i publiseringa ved sine institusjonar. Det gjeld blant anna over 70 fagfellevurderte tidsskrift. Per Pippin Aspaas, historikar, førstebibliotekar ved UiT Norges arktiske universitet og medlem av arbeidsgruppa, seier til Khrono: 

«Dette startet opp med ganske få ressurser og er bygget på idealisme. Hver enkelt institusjon har selv laget sine egne tjenester. Det er et lavterskeltilbud. I motsetning til i tradisjonelle forslag, er ikke dette den eneste virksomheten ved et bibliotek. Vi trenger nok å samle ressursene mer, og løfte tjenesten, slik at det hele blir mer profesjonelt og strømlinjeformet … Det ligger egentlig en egen faglighet i å gi ut et tidsskrift … Ved å samordne arbeidet i sektoren kan vi ha veldig mye mer driv på utviklingsarbeidet. Det handler om å henge med i tiden».

august 16, 2021

Bibliotek for alle?

I denne annonsa i Brønderslev Avis får foreldra også sjenerøst vite grunnen til at drængen eller pigen kan bli lukka ute frå biblioteket:

«I forbindelse med overgangen til nyt økonomisystem fra 1. november 2021 ændrer Brønderslev Bibliotek praksis ved registrering af brugere under 18 år. Efter 1. september vil brugere under 18 år blive blokeret, hvis de ikke har tilknyttet en økonomisk ansvarlig i registreringen på biblioteket. For at være sikker på at dit barn/din teenager fortsat kan bruge biblioteket, skal I kontakte os og få opdateret jeres oplysninger – gerne hurtigst muligt, så blokeringen kan undgås».

Vi kjenner folk som blei nekta plent å gå på biblioteket av foreldra fordi dei kunne kome til å levere for seint og måtte betale bøter. Vi trudde dei tidene var over for to-tre generasjonar sidan.

Men kanskje er dette på veg inn her i landet også? Det er nok endå eit EU-direktiv vi ikkje har fått med oss…