Minecraft med usensurert bibliotek

Skjermbilde 2020-05-06 16.36.10

Også i 2020-talets dataspel er biletet av biblioteket slik som dette

Den tyske avdelinga av Reporterar utan grenser (RSF) har meir enn leika seg i dataspelet Minecraft. Dei har mekka “The Uncensored Library”, eit bibliotek for informasjon om og spreiing av sensurert informasjon frå fem av landa med strengast sensur i verda: Egypt, Vietnam, Russland, Mexiko og Saudi Arabia. Dei har vald Minecraft fordi spelet til no har gått fri for sensur. Viktig for RSF er at ungdom treng betre undervisning i emnet.

Läget.se, ei nettavis av journaliststudentar på Stockholms Universitet, har ei grundig sak om biblioteket. Og på Youtube har vi fått ein presentasjon på norsk.

One Trackback to “Minecraft med usensurert bibliotek”

Leave a Reply