Archive for juni, 2020

juni 11, 2020

Boka vi heldigvis ikkje fekk gitt ut til jul

Skjermbilde 2020-06-11 16.21.23

«Illustrert: Nei», skriv BS. Faktisk heilt feil. Foto: Paulus Duits.

Også Biblioteksentralen tilbyr no den mest sjanger- overskridande turboka sidan «Guide til det danske høyfjellet». Her eit utval mulege Dewey-nummer: 359.14 / 439.822 / 526 / 526.8 / 551.31 / 554.81 / 554.823 / 577.3 / 634.9 / 796.509481 / 796.52209481 / 839.827008 / 910.014 / 914.810014 / 914.823 / 914.82304 / 929.97 / 948.23.

Det står «Innbundet», men det trengst ekstra plasting eller noko sånt på grunn av eit uvanleg stilig halv-omslag. Sånt sørger vel BS for.

Det kunne også stått coffee table book. Ingenting å ta med seg i sekken.

PS: Ingen seriøse firma vil annonsere på denne bloggen. Så driv vi heller eigenreklame. Presseomtalane er heller ikkje så gærne.

juni 11, 2020

«Fridom» for skolebiblioteket …

Skjermbilde 2020-06-11 11.20.09I eit debattinnlegg i Aftenposten i dag (og på Periskop) går leiarar og representantar for ti institusjonar og organisasjonar på kultur- og kunnskapsfeltet til frontalåtak på forslaget til ny opplæringslov. Fordi utvalet foreslår å «fjerne begrepet skolebibliotek i loven, erstatte det med bibliotek og dermed gi kommunene større frihet til selv å finne lokale løsninger».

Denne typen «fridom» er som kjent éin av den nyliberale staten sine metodar for å kutte i offentlege utgifter og omdanne samfunnet etter marknadslogikken.

Det norske skolebiblioteket har alltid vore ein kasteball på alle forvaltingsnivå, heilt ned på den enkelte skolen. For tjue år sidan danna fleire av dei same organisasjonane Bibliotekaksjonen, der skolebibliotek og tilbodet til barn var heilt sentralt. På Bibliotekmøtet i Stavanger i 2002 presenterte dei nokre gode føredøme, blant anna det nybygde, flotte skolebiblioteket ved Slevik skole i Fredrikstad. Eit par månader seinare tok eg, som journalist, kontakt med skolen med tanke på å gjere ein reportasje, men då …

read more »

juni 10, 2020

Ein skam

Skjermbilde 2020-06-09 23.23.05
2014: «Bokbåten Epos må inn på statsbudsjettet!»

juni 9, 2020

Framsynt pirat-pliktavlevering

Skjermbilde 2020-06-09 07.07.47Marion Stokes, radikal bibliotekar, forkjempar for sosiale rettar, tv-produsent, feminist og Apple-fan, starta 4. november 1979 opptak av US-amerikanske tv-program. Og slutta ikkje før ho gjekk ut av tida trettitre år seinare. Det blei 71 716 VHS-kassettar. Bakgrunnen hennar for denne private «pliktavleveringa» var uro over falske fakta i media.

No er første generasjon digitalisering av samlinga til Stokes i gang hos Internet Archive, noko vi kan lese om på bloggen deira. Samtidig som det er laga ein dokumentarfilm om dette: Recorder: The Marion Stokes Project.

Marion Stokes er med dette oppnemnt til Barsk Bibliotekar nummer 16 her på bloggen.

juni 8, 2020

Budsjetthausten i eit nøtteskal

Moss bibliotek 2006

På nyåret kan nedoverbakken ved Moss bibliotek bli ekstra bratt

Formuleringar som denne i Moss Avis i dag kjem vi dessverre til å høyre og lese i mange lokalaviser denne hausten: «De eneste lovpålagte tjenestene innenfor kultur er at kommunen må kunne tilby et bibliotek- og kulturskoletilbud. … Hvor godt dette tilbudet må være, sier imidlertid lovverket lite om … » (vår utheving).

Etter kommune- samanslåinga har Moss to bibliotek, eitt i sentrum og eit, nytt og flott eitt, i tidlegare Rygge, men i eit område med enormt stor bustadbygging, faktisk ein heil ny bydel i eit tidlegare fabrikkområde. Og med trange gater mot sentrum.

Eitt scenario er at dei må …

read more »

juni 4, 2020

The Lancet – igjen :-(

Skjermbilde 2020-06-04 23.15.00

Likevel enno ikkje avklart om Trump er på jordet. Mike Licht CC BY 2.0

Khrono.no melder i dag om frykt for «forskningsfusk bak omfattende Covid-19-studie». Dei har intervjua direktør John-Arne Røttingen i Forskningsrådet etter «avsløringer som tyder på at en studie som fikk både Verdens Helseorganisasjon (WHO) og nasjonale regjeringer til å stanse en omfattende studie knyttet til behandling av Covid-19 kan være basert på forskningsfusk». Behandlinga det er snakk om er blant anna med malariamedisinen hydroksyklorokin, også kjent som «Trump-medisinen».

Det var The Guardian som rulla opp saka, der fleire alt hadde hatt …

read more »

juni 4, 2020

– The systemic machinery of racism does not sleep and neither should we in our efforts to counter it

Skjermbilde 2020-06-04 12.22.21I USA var (vel?) BCALA (The Black Caucus of The American Library Association) først ute på bibliotekfeltet med ei fordøming av Increased Violence and Racism Towards Black Americans and People of Color i samband med drapet på George Floyd.

Initiativet har førebels fått tilslutning av SSRT (The Social Responsibilities Round Table) og ALISE (Association for Library and Information Science Education) som organiserer utdanningsinstitusjonar innafor bibliotekfag og tilsette og studentar ved desse i både USA og Canada.

Og – sekundet før vi skulle klikke «publiser» – sjølve ALA (Americal Library Association). Dei har opna denne saka for twitter-taggen #librariesrespond, der det truleg vil kome mykje meir av det same.

juni 2, 2020

Biblioteket vs. Biltema

«Koronakrisen har avslørt regjeringens feilslåtte kulturpolitikk», meiner vår gamle ven Bernhard Ellefsen i Morgenbladet denne veka. Det er ein verkeleg saftig karakteristikk av regjeringas og særleg to Venstre-statsrådars kulturpolitiske honnørord-flaum og tomme svada. Og han avrundar slik: «De siste månedene har politikken dessuten vist seg å være faglig og sosialt uansvarlig. Til og med folkebibliotekene har holdt stengt, mens Elkjøp og Biltema har hatt butikkene fulle av kunder. Dette skyldes ikke permitteringer, men er like fullt en konsekvens av at kulturpolitikere sitter på hendene i krisetider, mens politikere og byråkrater i andre departement jobber vettet av seg for å redde sine felt. Kulturens kraft? Den må dere lenger ut på landet med».

juni 2, 2020

Korona-bibliotek på svensk

Skjermbilde 2020-06-02 11.31.48Den US-amerikanske bibliotekforeininga ALA arrangerer no ein serie webinar om «Best Practices from Around the World in the Time of COVID-19». Torsdag 11. juni klokka 10 til 11 a.m. US Central Time (det blir vel klokka 17 norsk tid?) får vi sjå korleis dei har ordna seg i bibliotek i korona-annleis-landet Sverige. Det er folkebiblioteka i Helsingborg og Mjölby som skal i elden (hugs påmelding til webinaret).

I Helsingborg har dei halde ope heile perioden, men 6. april  innførte dei grenser for kor mange som kan vere inne til kvar tid. I småbyen Mjölby ser vi at alle arrangement er avlyste, men elles ingen restriksjonar? Ved ein filial er det meirope tilbodet «ur funktion», men berre «tillfälligt». Mjölby inngår i Götabiblioteken, og om dei har same tilbod som i Linköping 20 kilometer austafor, har dei berre hatt nokre små restriksjonar, jamfør denne videoen. Som vi ser held dei avstand, men dei gjer ikkje reint tastaturet mellom to brukarar. 

juni 1, 2020

Koronaen: Ikkje berre forskingsbibliotekarens mareritt

Skjermbilde 2020-06-02 05.42.57

52 treff i Google Scholar på søket «covid-19» AND «academic libraries»

«En flom av koronaforskning forverrer nå vitenskapens underliggende sykdommer, hevder flere: Altfor mange funn er upålitelige eller bortkastede. Samtidig diskuteres det intenst hvordan vi skal forstå og bruke den ofte usikre kunnskapen forskerne forsyner oss med i krisen». Dette er frå ein av dei store artiklane (denne er på åtte sider) i Morgenbladet denne veka.



Fleire «smakebitar»: